Strandryddedagen laurdag 4. mai

Klikk for stort bilete

Har du lyst å gjere ein innsats for å rydde i nærmiljøet?  Her finn du oppskrifta.

Bli med på ryddedugnad

På den nasjonale strandryddedagen 4. mai kan du vere med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår. Her er informasjon om korleis du kan bidra:

  1. Hent strandryddesekkar og registreringsskjema frå Hold Norge Rent på din nærmaste miljøstasjon eller servicetorget på rådhuset. Vi har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gongar og vaskast i vaskemaskin.
  2. Plukk! Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. Hald god avstand til hekkande fuglar og reir. Klikk her for å lese råda frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal forkorleis ta vare på fuglelivet under strandrydding. 
  3. Lever strandryddesekkane gratis på nærmaste miljøstasjon. Samtidig leverer du skjemaet frå Hold Norge Rent. På den måten får vi inn viktig statistikk og dokumentasjon. Er det snakk om ein større aksjon, er det supert om du registrerer den i ryddeportalen til Hold Norge Rent i forkant.
 

Ekstra hentedag for ryddesekkar

Etter den nasjonale Strandryddedagen 4. mai, vil SSR køyre ei runde rundt i kommunane for å hente inn fulle strandryddesekkar. Desse må ligge forsvarleg plassert på avtalt stad.

Siste frist for å melde inn henting av strandryddesekkar frå avtalt stad, er fredag 3. mai. Måndag 6. mai køyrer SSR rundt i Ulstein og Hareid for å hente inn desse sekkane. Tysdag 7. mai gjer dei det same i Herøy og Sande.


Tinging av container

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i god tid før aksjonen.

Vi ber om at containerane berre blir brukte til opprydding av det som ligg i grøftene og strandkanten. Har du behov for å rydde garasjen, leverer du direkte til miljøstasjonen. SSR ønskjer å halde fram med å tilby container til strandrydding. Gjer derfor vel og ikkje misbruk ordninga.

Har du planar om å rydde ein plass der du treng båt for å få frakta avfallet til miljøstasjonen? Då kan vi sette deg i kontakt med den frivillige organisasjonen Fallgard i Herøy som kan hjelpe til med båt. 

 

Takk!

Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.

Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag. Men vi ser også forbetringa. For fem år sidan blei det levert 370 kilo i strandryddesekkane i dei fire kommunane til SSR. I fjor, fem år seinare, kom det inn 40.000 kilo!

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.

Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.