Store skilnadar i valdeltakinga

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Flø krins kom på topp når det gjeld oppmøtet ved det førre kommunestyrevalet. 

Valdeltakinga varierte mykje mellom dei sju røystekrinsane våre ved kommunestyrevalet i 2015. 

Krinsane med færrast røysteføre innbyggarar (Flø og Dimna) kom best ut. Krinsane med flest røysteføre (Ulsteinvik og Hasund) hadde det svakaste oppmøtet. 

Det viser tal frå Valdirektoratet. Sjå figuren nedanfor. Prosenttala omfattar både førehandsrøystene og dei som røysta på sjølve valdagen. 

Den samla oppmøteprosenten i kommunen var 59,8. I landet sett under eitt røysta 60,2 prosent ved kommunestyrevalet.

Klikk for stort bileteProsentdelen av røysteføre som røysta ved kommunestyrevalet i 2015. Kjelde: Valdirektoratet