Stor løyving til Skaparhuset i Ulsteinvik

Klikk for stort bileteVR-briller i teknologiskulen Svein Arne Orvik Skaparhuset skal bli staden der næringsliv, elevar, studentar og offentleg tilsette møtest for å nyskape, lære og løyse utfordringar i samarbeid. 

Målet med prosjektet Skaparhuset er ei unik samansmelting mellom skule og arbeidsliv. Planen er å etablere Skaparhuset i eit leigd lokale midt i Ulsteinvik sentrum. Kultur, nærings- og folkehelseutvalet i fylket og Sparebanken Møre løyver 2,5 millionar kroner til prosjektet

Breitt initiativ

Ei breitt samansett gruppe har tatt initiativ til Skaparhuset: Ulstein Kommune, Ulstein vidaregåande skule, Høgskulen i Volda, klyngeaktørane NCE iKuben, ProtoMore og ÅKP og næringsforeiningane Mafoss og Ulstein Næringsforum.

Arena for heile regionen

Skaparhuset skal vere ein arena for heile regionen. Lokaliseringa i Ulsteinvik bygger på 

  • grunnskulen i Ulstein og Ulstein vidaregåande skule sine strategiske satsingar på teknologiskulen 
  • eit regionalt, eksportretta næringsliv basert på teknologi og med stort innovasjonsbehov 
  • Ulstein kommune si satsing på teknologi og innovasjon i alle sektorar og aktive nettverksbygging til næringslivet 
  • det etablerte skule-næringslivssamarbeidet på Søre Sunnmøre

Fleksibelt og sentralt lokale

Lokalet skal ligge i gangavstand til Ulsteinvik barneskule, Ulstein ungdomsskule og busshaldeplassen. Skaparhuset skal bidra til eit levande sentrum. Lokalet skal vere fleksibelt og ha ulike soner: 

  • digital sone
  • verkstadsone
  • sosial sone
  • undervisningssone
  • møtesone
  • kontorsone med kontorfellesskap for Mafoss, NCE iKuben, ÅKP/HoppID-kontoret og Ulstein Næringsforum, i tillegg til kontor for gründerar og relevante einmannsbedrifter