Statens pris for byggkvalitet til Ulstein Arena

«Ulstein Arena vil vere eit førebilete og ein inspirasjon for andre mindre byar og tettstadar i Noreg», seier juryen. 

Statens pris for byggkvalitet til Ulstein Arena - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Prisen vart delt ut av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland på Byggkvalitetdagen i Oslo i dag. 

Nasjonal heiderspris

Statens pris for byggkvalitet er ein heiderspris som skal løfte fram nye førebiletebygg som bidreg til å heve, fornye og utvikle byggkvaliteten lokalt og nasjonalt.

Stadutvikling og bulyst

Juryen skriv at rolla Ulstein kommune har tatt i utviklinga av Ulsteinvik som kommunesenter er eit førebilete.

«[Ulstein kommune] har fått god stadutvikling ut av Ulstein Arena. Prosjektet og prosessen har skapt tilhøyre, stoltheit og bulyst», heiter det i grunngivinga for prisen.  

Les heile grunngivinga frå juryen