Stadig meir mangfald på Reiten

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Arbeidsfellesskapen i det kommunale bygget på Reiten er særs allsidig. Sjå kven som held til der no!

I vinter er fleire ting endra på Reiten: 

  • Snoezelen-tilbodet har flytta frå tredje til første etasje.
  • Søre Sunnmøre IKT har flytta inn i tredje etasje.
  • Administrasjonen for Ulstein eigedomsselskap har flytta ut. 

Desse tenestene og verksemdene held no hus på Reiten: 

  • Helsestasjonstenesta (oppfølging til alle gravide, barn og ungdomar). I tillegg har barnevernet utekontor på helsestasjonen og familievernet er der ein dag i veka. 
  • Inkludering og mangfald (flyktningteneste, spesialpedagogikk, vaksenopplæring, grunnskule for vaksne, logoped) 
  • Søre Sunnmøre IKT (sentral IKT-infrastruktur, prosjektarbeid, rådgiving m.m.) 
  • Ulstein eigedomsselskap (reinhaldspersonalet har base på Reiten) 
  • Ulstein kulturskule (opplæring i musikk, dans og visuelle kunstfag) 

Tysdag var alle verksemdene som held til på Reiten, samla til felles lunsj. Der presenterte kvar av dei arbeidet sitt – som til saman altså dekker eit vidt spekter.