Song inn påska for familie og nye sambygdingar

Song inn påska for familie og nye sambygdingar

Elevane framførte song og dikt for dei frammøtte. Hans Olav Vattøy Elevar og tilsette ved Ulstein skule inviterte slekt, vener og ukrainske flyktningar til påskefrukost til inntekt for Redd Barna.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Torsdag 7. april var gymsalen ved Ulstein skule pynta til påskefrukost. Elevane hadde på førehand invitert foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, naboar og ukrainske barn og vaksne frå mottaket.

Elevar og vaksne ved skulen var veldig spente. Ville det kome nokon og ete frukost saman med oss? Spenninga var ubegrunna. Gymsalen var fylt til randa av store og små som kosa seg med god mat og drikke.

Gymsalen ved Ulstein skule var fylt til randa av folk som gjerne ville ete påskefrukost saman. Hans Olav Vattøy
Gerd Riise, Roar Osnes, Stein Bjerkvik og Einar Arne Riise rosar Ulstein skule for initiativet til påskefrukost. - Ei skikkeleg kosestund, seier Gerd. Janne-Marit Myklebust

Det var ekstra kjekt at det kom fleire ukrainske familiar.  Elevane hadde laga til eit lite program med song og diktlesing som dei framførte til stor applaus.

Få ein smakebit frå songstunda her: 


Frukostgjestane hadde høve til å betale for maten dei åt. Og det som kjem inn vert gitt til Redd Barna og hjelpearbeidet i Ukraina.
Elevane ved skulen synest det var ein super dag, og det var kjekt å kome i kontakt og verte litt kjent med barna frå Ukraina. Dei avtalte også å ta kontakt på fritida. Dei vaksne frå Ukraina var lette å snakke med og var veldig interessert i å høyre om skulen og det arbeidet som vert gjort. Vi fekk også høyre litt om den siste tida i Ukraina og korleis dei har opplevd det. Dette var ein minnerik dag.
Ref.

Leik er universalspråk. Norske og ukrainske barn fann fort tonen ute på leikeplassen ved Ulstein skule. Janne-Marit Myklebust