Søknad om fritak frå eigedomsskatt

Søknad om fritak frå eigedomsskatt

Ulstein kommune har opna for at du som innbyggar med låg inntekt kan søke om fritak frå eigedomsskatten. Fristen er 10. februar.

Tidlegare har det vore mogleg å søke fritak for stiftingar eller institusjonar m.m. Men i kommunestyret i desember vart det vedtatt at det også skal vere mogleg å søke fritak etter § 28 i eigedomsskattelova, som seier at også husstandar med låg inntekt kan søke fritak.

Dette gjeld husstandar som har ei samla bruttoinntekt på inntil grunnbeløpet i folketrygda (G) x3.

  • 1G=124 028 kroner
  • 3G=372 084 kroner

Einslege forsørgarar kan ha samla bruttoinntekt på inntil 3,5 G (434 098 kroner) ved siste skattemelding for å søke fritak frå eigedomsskatt.  

Skjema for søknad om fritak

Dokumentasjon i form av utskrift av siste års skatteoppgjer for alle i husstanden må leggjast ved søknaden. Viktig å merke seg at det er den ferdige skattemeldinga som gjeld.

Meir om eigedomsskatt i Ulstein

  • Du må søke om fritak kvart kalenderår. Dette er viktig for å kunne få oppdatert informasjon. 
  • Ordninga er eit tiltak for innbyggarar med låg inntekt. Inntekt er til dømes lønn, pensjon, renteinntekter, aksjegevinstar m.m. 
  • Husstanden betyr alle som bur fast på eigedomen, også heimebuande barn over 18 år.
  • Eventuell inntekt frå leigebuar vert rekna som inntekt for søkar.
  • Søkar må sjølv bu på eigedomen det vert søkt fritak for.
  • Du får ikkje fritak for eigedomsskatt om likvid formue som bankinnskot, aksjar og liknande overstig folketrygda sitt grunnbeløp (1G). Dette gjeld for personar over 18 år med inntekt. 

 

Heimel for fritak:

Lov om eigedomsskatt § 28: «Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.»            

Det var kommunestyret i Ulstein som 12. desember 2024 gjorde vedtak om at det i Ulstein skal vere mogleg å søke om fritak for eigedomsskatt (sjå punkt 5H i sak 150/24 i protokollen frå møtet). 

Pc, kalkulator, papphus - Klikk for stort bilete Adobe Stock