Tidspunkt for oppstart av skuleåret 2022/2022

Tidspunkt for oppstart av skuleåret 2022/2022

Bilde av ein gut som sit ved ein pult. I front ligg der bøker, eit eple og fargeblyantar i ein kopp. - Klikk for stort bilete Pexels/Vision.Pic.net Måndag 22. august er det skulestart for alle grunnskulane i Ulstein kommune. Her finn du oversikt over når elevane skal starte ved dei ulike skulane.

Første skuledag – 22.august

Frammøte skulane:

  • Klokka 08.15 ved Haddal skule for 2. - 7.klasse. 1.klasse møter klokka 09.00
  • Klokka 08.15 ved Ulstein skule
  • Klokka 08.20 ved Ulstein ungdomsskule.
  • Klokka 08.30 ved Ulsteinvik barneskule for 2. - 7.klasse. 1.klasse møter kl. 09.30.
  • Klokka 08.40 ved Hasund skule for 2. – 7.klasse, 1.klasse møter kl. 09.00

Føresette er velkomne til skulestart i lag med dei minste borna.

 

Ferietilbod SFO

For elevar påmelde SFO skuleåret 2022 –2023 er det tilbod om ferie-SFO ved Ulsteinvik barneskule frå 01.08.2022 til og med 12.08.2022. SFO er stengt 15.08. - 19.08.2022 grunna studie- og planleggingsdagar.

 

Oppstart SFO

SFO startar opp måndag 22. august, som er første skuledag. Morgon-tilbod er ope frå klokka 07.15.

 

Norskopplæring Ulstein kompetansesenter

Ved Ulstein kompetansesenter startar norskopplæringa 22.08.2022 klokka 08.30. Kontakt kompetansesenteret for informasjon om kurstilbodet hausten 2022.