Skulane på veg mot normalen

Skulane på veg mot normalen

Bilde frå Ulsteinvik barneskule - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Det vil framleis gå med mykje tid til smittevern, og det vert ekstra mykje læring utandørs. Men elles vert skuledagane før og etter sommarferien nokså normale. 

  

Skulane våre er no i ferd med å gå tilbake til ein tilnærma normal situasjon igjen. Samfunnet og skulane vert opna gradvis og kontrollert. Vi vil med dette informere om korleis opninga skjer, og kva foreldre og føresette kan forvente i denne situasjonen.

 

Skuleskyss som vanleg 

Skuleskyssen er i vanleg gjenge frå måndag 8. juni. 

 

På gult nivå

I heile landet gjeld no eit trafikklyssystem for skulane med raudt, gult og grønt nivå. Kva farge som gjeld, kjem an på smittesituasjonen i landet, og fargane fortel kva smitteverntiltak barnehagane og skuane skal følge. Vi er no på gult nivå. 

 

Reglane før og etter sommarferien

I perioden fram til skuleslutt i juni 2020 og frå skulestart i august 2020 gjeld desse reglane:

Ingen sjuke skal møte på skulen.

Det skal vere god hygiene og forsterka reinhald.

Alle elevar må vaske hender ved oppmøte på skulen, etter friminutt, før/etter matpause og etter toalettbesøk. Skulane har godt innarbeidde rutinar for dette.

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming). 

Heile klasser kan reknast som ei gruppe (kohort). 

Tilsette kan veksle mellom grupper/klasser.

Det skal vere trinnvise grupper (kohortar) på SFO så langt som råd.

Skulane unngår trengsel og store samlingar.

Ha eigne områder ute for ulike klasser i pauser/friminutt så langt råd er.

 

Vanleg tal på timar

Gult nivå gjer det lettare å organisere undervisninga i klasseromma slik det var før koronautbrotet. Det vil likevel gå med mykje tid til hygiene- og smitteverntiltak.

Skulane strekker seg så langt som råd for å halde oppe eit ordinært opplæringstilbod. I løpet av veke 23 har skulane våre ordinært undervisningstimetal på alle årsstega.

Skulane vil framleis legge opp til at mykje av læringsarbeidet skjer ute no fram mot sommarferien. Opplæringslova og forskrifter gir løyve til dette, førebels fram til 1. november 2020.