Skal gjere tenestene stadig betre

Klikk for stort bileteForbetringsteamet som jobbar med gode pasientforløp i Ulstein. Ulstein kommune «Kva er viktig for deg no?» Det spørsmålet skal vi stille til alle som brukar helse- og omsorgstenestene våre.

Gode pasientforløp

Nyleg var over 100 tilsette i helse- og omsorgsetaten vår samla til fagdag. Temaet var gode pasientforløp. Det dreier seg om å få til betre samhandling og kvalitet for brukarane. 

Konkret skal alle brukarar få spørsmålet «kva er viktig for deg no?». Det pasientane ynskjer, skal dokumenterast og takast omsyn til i tenesta og tiltaka brukaren har behov for.

Dei tilsette er positive til satsinga og ynskjer å bidra til betre tenester i Ulstein. 

Lære av andre

På fagdagen fortalde Surnadal kommune om korleis dei har innført rutinar og arbeidsmåtar som har gjort dei til ein føregangskommune på området.

I Surnadal har lagt vekt på gode rutinar og klar ansvarsdeling for dei tilsette. Dette fører til at oppfølginga av brukarane vert betre koordinert og kvaliteten på tenestetilbodet vert betra. 

Forbetringsteam 

«Gode pasientforløp» er ei nasjonal satsing der om lag 200 kommunar og tilhøyrande helseføretak er med. Målet er å sikre at brukarane får heilheitlege, koordinerte og trygge tenester. 

Vi har eit eige forbetringsteam som har vore med i læringsnettverket mellom fleire kommunar og helseføretaket i Møre og Romsdal.