Skal gå 12 veker mellom første og andre dose

vaksine vaksinasjon - Klikk for stort bilete16- og 17-åringane som har fått første vaksinedose i Ulstein skal vente 12 veker til andre dose, seier nye råd frå FHI.

FHI har no kome med nye råd vedrørande intervallengd mellom første og andre dose av koronavaksine for 16- og 17-åringar. Alle som har fått første vaksinedose i Ulstein kommune har fått tildelt time etter 8 veker, men nytt råd er no 12 veker mellom første og andre dose. Dette fører til at vi må flytte time til dose to for alle født i 2004 og 2005. Det vert sendt ut sms frå www.c19.no med ny time.

Les informasjonen frå FHI her.