Skal fjerne brakkene

Skal fjerne brakkene

Dei ti brakkene veed Ulsteinvik barneskule skal no fjernast. Ulstein Eigedomsselskap KF/Aage Christensen No skal dei gamle brakkene ved Ulsteinvik barneskule vekk. Vi håper nokon er interessert i å ta over dei ti brakkene.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein Eigedomsselskap KF og Ulstein kommune skal fjerne dei gamle brakkene som tidlegare er nytta til skule og undervisning. Det er venta at interesserte tek kostnaden med å få brakkene fjerna/transportert. Avhengig av interesse, kan det vere aktuelt å gi vekk brakkene til interesserte.

Lenke: Sjå fleire teikningar og bilde i annonsen.

Det er ti brakker som er sett saman til to klasserom, tre grupperom, lærarplass, teknisk rom, entre og garderobe, to toalett og vaskerom.

Eit av klasseromma i brakkene. Ulstein Eigedomsselskap KF/Aage Christensen