Skal busette 135 flyktningar

Skal busette 135 flyktningar

- Det er stort engajsement i Ulstein. Vi er sikre på at vi skal klare å gi flyktningane ein god velkomst, seier Gry Nordal, Marit Botnen og Lars Erling Bjåstad Hovlid. Janne-Marit Myklebust    - Alle ser at dette vil verte krevjande, men alle seier at dette får vi til. Det er det som er innstillinga i alle instansar. Det seier mykje om Ulsteinsamfunnet.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Målet vårt må vere å gi flyktningane ein god start i Noreg.  

Det seier leiar for avdeling for inkludering og mangfald i Ulstein, Lars Erling Bjåstad Hovlid.

Han seier at vedtaket i kommunestyret om å busette 135 flyktningar er eit tal som ikkje kjenner sidestykke i historia i Ulstein. Tidlegare har det på det meste vorte busett 47 i kommunen i løpet av eit år.

- Vi har god erfaring med at lokalsamfunnet i Ulstein er flinke til å ta i mot nye innbyggarar. Det er stort engasjement for å hjelpe, seier han.

Familiesameinte kjem i tillegg til desse 135. Det er i all hovudsak snakk om ukrainske flyktningar.

Lenke: Har du bustad til flyktningar? Registrer deg her!

Barnehage og skule

Signala er at 40 prosent av dei som kjem er barn under 14 år.

Kommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Nordal, seier at det kan bety at Ulstein får 70-90 nye innbyggarar i skulepliktig alder.

- Eit stort tal! Og så er det også slik at både dei som skal busettast og dei som er i kommunen på akuttinnkvartering har rett til å gå på grunnskule. Vi er i gang med å planlegge for dette. Det er eit stort arbeid, men haldninga frå alle hald er svært positiv. Vi tenker at det administrative skal ligge til Ulsteinvik barneskule, då dei har god erfaring med dette frå tidlegare. Planen er at vi skal vere oppe og gå etter påske.

I starten er det planar om velkomstklasser for dei nye elevane, slik at dei kan verte kjende med norske barn, men med eigne klasser for norskundervisning i starten.
Kommunalsjef oppvekst og kultur, Gry Nordal, leiar for avdeling for inkludering og mangfald i Ulstein, Lars Erling Bjåstad Hovlid, og kommunalsjef helse og omsorg, Marit Botnen. Janne-Marit Myklebust  

Når det gjeld barnehageplassar er barnehageopptaket for neste år akkurat klart.

- Vi er heldige og har 15 ledige plassar som vi kan tildele dei som eventuelt måtte ønske det, seier Nordal.

Pressa på ressursar

Kommunen veit lite om når flyktningane kjem, men Hovlid seier at det vil auke på nærare sommaren.

Alle vaksne busette har også rett på fulltids introprogram, noko som vil gi ei mangedobling av deltakarar

- Dei som kjem har same rettar som oss andre. Det gjeld mellom anna også helsetenester. Tenestene er sprengde frå før, og vi må ha tak i fleire folk. Vi er allereie i gang med dette arbeidet, seier kommunalsjef helse og omsorg, Marit Botnen.

- Vi har store hjarte i Ulstein. Det er spennande tider, og vi må tenke nytt. Men vi er klar. Dette skal vi klare, seier Botnen.