Sjå kven som representerer Ulstein i fylkes-UKM

Klikk for stort biletePink Guitar. Til venstre Ingrid Gjerde (13 år) laga tekst og melodi til "You Give Me". Med seg på scena har ho Isabella Campos, Marthe Sandvik Skeide og Karen Pauline Langnes. Alle fire 8.klassingar. Victoria Myklebust Etter eit rekordstort UKM for Hareid og Ulstein på Sjøborg har juryane vald ut kven som skal representere kommunane i fylkesfestivalen. 

Juryane for scene og kunst hadde ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal representere Ulstein og Hareid under fylkesfestivalen i Kristiansund 3.–5.mai. 

– Vi set stor pris på innsatsen til dei sju som sat i scenejuryen og dei tre som sat i kunstjuryen, seier arrangørane frå Hareid og Ulstein. 

Juryen har kriterium som må følgast. UKM er ingen konkurranse, men ein arena for å vise det kulturelle mangfaldet i kommunane. Medan aldersgrense for lokalmønstring er frå 10-20 år, er det berre dei som blir 13 i år og opp til 20 år som blir vurdert for fylkesfestival. 

 

Sjå bilete frå alle scene- og kunstinnslaga.

 

Scene

Scenejuryen har vald desse til å representere kommunane: 

Hareid

Ufokusert med låta «Special» (sjølvlaga)

Liv Ellen Overå og Svenning Veiseth med låta «Think Of Me»

Brøytekant med låta «Forelska i lærer`n/TNT»

Film/musikkvideo: «BFF» av og med Stinge Longva Veddegjerde og Martine Brandal Haugen

Ulstein

Pink Guitar med låta «You Give Me» (sjølvlaga)

Emile Ngoy (sjølvlaga dans)

Åsa Hauge, Ida Brevik og Thomas Frekøy Skeide med låta «Love Like This»

 

Kunst

Kunstjuryen har vald desse: 

Hareid

Maria Bjåstad Hustadnes med «Freddie Mercury» (blyantteikning)

Pritty Ravi med «Sannheten bak masken» (akvarellmåling)

Martine Brandal Haugen med «Stjernenatt» (akrylmåling)

Ulstein

Nikoline Moldskred med «Utan tittel» (akvarell)

Marius Stadeløkken med «Utstillingsobjekt» (installasjon)

Johannes Sæter Gurskevik med «Fire årstider» (foto, serie)

 

I tillegg har arrangørane høve til å nominere 1–2 kandidatar innanfor UKM Media, konferansier og ung arrangør. Det er arrangør av fylkesfestival som avgjer kven av dei nominerte som får delta. Dette får ein svar på om eit par veker. 

 

Konferansier

Elise Bergseth (Hareid)

Synnøve Rabben (Ulstein)

 

Ung arrangør

Anders Pilskog (Hareid)

Anna Natalie Ballo Hov (Ulstein)

Amanda Osnes Låbakk (Ulstein)

 

UKM Media

John Arne Apelseth (Hareid)

Mona Våge (Ulstein)

Victoria Myklebust (Ulstein)