Siste vaksinasjonsdag 8. desember

Siste vaksinasjonsdag 8. desember

Pneumokokkvaksina er endeleg tilbake på lager, og Ulstein helsestasjon har derfor opna opp for ei siste moglegheit for vaksinering den 8. desember frå kl. 14-15 (opningstida blir utvida ved behov). 

pixabay

Ulstein kommune har hittil i haust hatt fem dagar med massevaksinering på Reiten, der eldre og risikogrupper har fått tilbod om influensa-, korona- og pneumokokkvaksine. Sistnemnte mot lungebetennelse har i over ein månad vore midlertidig utselt frå Folkehelseinstituttet (FHI). 

 

 

 

Influensavaksine

Influensasesongen har meldt seg tidlegare enn normalt, og FHI oppmodar eldre frå 65 år og risikogrupper til ta vaksine snarast. Det er også tilrådd at barn og unge med til dømes astma tek influensavaksine for å redusere risiko for alvorleg sjukdom. Les meir om risikogrupper her: Influensavaksine – informasjon til befolkningen - FHI

Pneumokokkvaksine

Nytt av året er at dei født i 1960 får tilbod om pneumokokkvaksine til svært redusert pris. Den er tilrådd eldre frå 65 år og spesifikke risikogrupper (Pneumokokkvaksine – informasjon til befolkningen - FHI. Ulstein helsestasjon har tilbod om vaksinen Prevenar 20, som gir livslang beskyttelse. 

Koronavaksine

FHI anbefaler også ei oppfriskingsdose av koronavaksine til eldre og risikogrupper (Koronavaksine – informasjon til befolkningen - FHI).

Timebestilling via kommunen sine nettsider

Som tidlegare i haust kan ein bestille time via Ulstein kommune sine nettsider. Det er mogleg å bestille på vegner av andre som ikkje er digitale. Ved spørsmål eller hjelp til timebestilling, ring helsestasjonen: 477 54 774

Bestill tid her