Sikre deg lesestoff før biblioteket stenger
Biblioteket held stengt ei veke frå 25. juni grunna innføring av nytt biblioteksystem.
– 7. juli opnar vi igjen dersom alt har gått etter planen. Men for dei som treng litt å lese på i denne perioden, kan det vere lurt å sikre seg bøkene no, seier leiar for biblioteket, Britt Opsahl Myrene.
Biblioteket minner også om at dei har Sommarles-kampanje på gang.
Per Eide
Publisert 18.06.2025 10:08
Sist endra 20.06.2025 11:03