Ser fram til godt samarbeid med ny verftseigar

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik – Det er svært gledeleg at Kleven Verft no har landa ein avtale om sal av verftet til ein aktør som tenker industrielt og langsiktig, seier ordførar Knut Erik Engh. 

– Dette lovar bra for framtida og vil ha stor betydning for lokalsamfunnet og denne regionen. Vi har hatt løpande kontakt med Kleven og har blitt halde løpande orientert om prosessen, og har sett stor pris på dette, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein.

– Både bankane, Innovasjon Norge og Hurtigruten har vore konstruktive i prosessen med å restrukturere Kleven. Utan denne velviljen hadde det vore langt vanskelegare å få på plass ein avtale, seier Engh. 

Ulstein kommune ser fram til eit godt samarbeid med den nye eigaren.