Samtaler mellom formannskapa i Ulstein og Herøy

Klikk for stort bileteKommunevåpena til Herøy (t.v.) og Ulstein (t.h.)   
Den politiske og administrative leiinga i Ulstein og Herøy møtest 4. februar. Organiseringa av det politiske arbeidet og av helse- og omsorgstenestene er noko av det dei skal diskutere. 

Moglege nye samarbeid mellom dei to kommunane står også på dagsordenen. Møtet går av stabelen på Ulstein rådhus. Formannskapa og leiinga i administrasjonen i dei to kommunen deltek. 

 

Slik ser dagsordenen ut 

 

09.00  Opning 

  • Velkomen v/ ordførar i Ulstein Knut Erik Engh

  • Bakgrunn for møtet v/ ordførar i Herøy Bjørn Prytz

  • Presentasjon av den enkelte 

 

09.10  Politisk organisering i Ulstein

v/ ordførar Knut Erik Engh 

  • Utvalsstruktur

  • Politisk-administrativt leiarforum (PAL) – kva er det?

  • Stormøte

  • Open talarstol og spørjetime

  • Årlege folkemøter i krinsane

  • Herøy si ordning med ordførarens kvarter v/ ordførar i Herøy Bjørn Prytz 

 

09.30  Pleie og omsorg

  • Demografisk utvikling i Herøy og Ulstein (kommunestatistikk)

  • Organisering og struktur i Ulstein v/ kommunalsjef i Ulstein Marit Botnen

  • Organisering og struktur i Herøy v/ kommunalsjef i Herøy Renathe Rossi-Kaldhol

  • Har vi noko å lære av kvarandre?

 

10.30  Pause 
 

 

10.50  Interkommunale samarbeid framover? 

  • Brannvern v/ rådmann i Herøy Olaus Jon Kopperstad og kommunalsjef i Ulstein Arne Runar Vik 

  • Legevaktsamarbeid (status og vegen vidare) 

  • Stabsfunksjonar (løn, rekneskap, arkiv etc.) – kan vi samarbeide meir om dette? 

  • Andre område? 

 

11.50 Oppsummering

  • Gav møtet meining?

  • Bør vi møtast på nytt, og så fall når?

  • Kva bør i så fall endrast?