Samla til leiargruppeutvikling

Styrarar og leiarteam samla til fagdag i Hornindal. Elisabeth Warpe Styrarar og leiarteam frå både kommunale og private barnehagar i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre var torsdag samla til regional samling i Honndalshallen i Hornindal.

Målet med samlinga var å vidareutvikle fagleg og praksisnær leiarstøtte, som styrkar leiarane sitt arbeid i laget og rundt barnet.

Det overordna temaet var implementering av rammeplan for barnehage med fokus på leiarrolla. 

Linda Marie Viddal leia samlinga. Ho er høgskulelektor og Cand. Paed frå Høgskulen i Volda der ho er tilsett ved Institutt for pedagogikk.

- Etter at endringane av Rammeplan for barnehage kom, gjekk vi frå bør til skal på alt som barnehagane skal gjennomføre etter forskrifta. Dette stiller enda større krav til dei pedagogiske leiarane i barnehagane. Derfor har vi i sjustjerna samarbeidd om ei felles kompetanseheving. Dette har vi fått til gjennom felles prosjektmidlar, og torsdag var første dagen då alle leiarteama i alle barnehagane i sjustjerna var samla for første gong, seier Elisabeth Warpe, avdelingsleiar barnehage i Herøy kommune.

Det vert til saman fire fagdagar med tema leiarrolle kvar gong. Siste samlinga er hausten 2023. Det er Linda Marie Viddal som skal leie dette prosjektet. 

Kvar kommune og kvar barnehage skal jobbe med tema mellom samlingane.

- Det var ei lærerik og god førstesamling. Vi gler oss til resten, avsluttar Elisabeth Warpe.

Linda Marie Viddal leia samlinga. Elisabeth Warpe