Samarbeid om kulturskuleutvikling

Klikk for stort bileteRepresentantar frå kulturskulen og kommuneleiinga i Ulstein og Sande samla til oppstartmøte med Norsk kulturskuleråd. Svein Arne Orvik Korleis kan vi heile tida utvikle kulturskulen – til beste for både dei tilsette og elevane? Det skal vi søke svar på gjennom eit nytt program. 

Kulturskulane i Ulstein og Sande har i 2019 og 2020 fått plass i utviklingsprogrammet til Norsk kulturskuleråd. Kommunane og Ole Jakob Nedrebø frå kulturskulerådet var nyleg samla i Ulsteinvik for å starte samarbeidet. 

Kvalitetsutvikling

Programmet er eit tilbod til kommunar som vil etablere eit permanent arbeid med å utvikle kvaliteten i kulturskulen. Kulturskulerektorane Julianne Hauge i Ulstein og Susann Worren Hauge i Sande ønsker at satsinga skal utvikle 

  • engasjementet for å utvikle kulturskulane blant dei tilsette og skuleeigarane 
  • ein kollektiv undervisningskultur i tråd med rammeplanen 
  • ein lærande organisasjon 

Ny rammeplan

Utgangspunktet for programmet er at kulturskulane i landet har fått ein ny rammeplan. Planen skal bidra til at kommunane samarbeider meir om å utvikle kvaliteten i kulturskulane. 

Klikk for stort bileteOrdførar Knut Erik Engh i Ulstein og varaordførar Anne-Marte Skarmyr Beitveit i Sande skreiv under avtalen om samarbeidet med Norsk kulturskuleråd. Svein Arne Orvik