Røyste på førehand

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Til og med 6. september 2019 kan du røyste på førehand. Her ser du kvar og når du kan røyste i Ulstein.

  
Merk at du kan førehandsrøyste over heile landet til og med 6. september. 

Du kan også røyste frå utlandet. Då må du enten oppsøke ein utanriksstasjon eller sende røysta i posten slik det er forklart her

  

 

Ulstein bibliotek

26. august–6. september kl. 9–16 måndag–fredag 

Unntak: torsdagane 29. august og 5. september er opningstida kl. 9–20. 

 

Ulstein sjukeheim

27. august kl. 10–12

 

Omsorgsbustadane i Holsekerdalen 20

27. august kl. 12.30–14

 

Ulshaug eldresenter

27. august kl. 14.30–16

 

Sunnmøre folkehøgskule

2. september kl. 14–16.30 

 

Heimen din 

Treng du å førehandsrøyste heime (såkalla ambulerande røysting), har du rett til det. 

For å få røyste heime, må du gi beskjed til kommunen. Fristen for å gi beskjed er 4. september. Ta gjerne kontakt i god tid før fristen. 

Du gir beskjed ved å ringe sentralbordet på tlf. 70 01 75 00 eller sende e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. 

 

Tidlegare:

 

Ulstein rådhus 

12.–23. august kl. 9–16 måndag–fredag