Røde Kors sørgar for skiløyper

Klikk for stort bilete Sørøyane Røde Kors Takka vere Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps er det no flotte skiløyper i Ulstein. Per 22. januar 2019 har Røde Kors laga ca. 27 kilometer løyper.

Her går løypene:

  • Spor 1: Over eidet frå parkeringsplassen på Hareid-sida og til Øvrevegen i Ulstein 
  • Spor 2: Frå vassverket på Gamleeidet over Vikelva til Onglasætra 
  • Spor 3: Rundt dammen ved Bugardsmyrane 
  • Spor 4: Frå Bugardsmyrane mot Skeide 
  • Spor 5: Frå vassverket opp i Vikeskaret 
  • Spor 6: Frå Vikeskaret og til råsa mellom «Mørdarbakken 2» og Litlevatnet, derifrå ned til pumpestasjonen og halvvegs opp til Mosvatnet 
  • Spor 7: Frå Litlevatnet ned Ulsteindalen til kraftstasjonen 
  • Spor 8: Frå Vikeskaret ned i Osnesdalen og vidare opp mot Bigsetsætra, derifrå til Brørene. Sporet snur ved Midtre Broren og går vidare tilbake til Mosvarden. 
  • Spor 9: Frå Mosvarden ned på Skeidsnakken via Røde Kors-hytta og tilbake ned til Osnesdalen og til Vikeskaret 
  • Spor 10: Frå greinplassen på eidet og oppover Fjellsbrekkene og nesten over til Fjellegarden 
  • Spor 11: Scooterspor (ikkje skiløype) oppover mot Hasundhornet

 

Tusen takk til Røde Kors!