Redusert opningstid i skular og barnehagar onsdag

Redusert opningstid i skular og barnehagar onsdag

Grunna varsel om ekstremvêr framskundar Fram skuleskyssen onsdag 31. januar til klokka 12.10. Etter ei samla vurdering har difor kriseleiinga i Ulstein bestemt at skulane stenger klokka 12.00.

Møre og Romsdal fylkeskommune

Skulebussane vil køyre den vanlege skuleruta klokka 12.10.

SFO vil halde ope til 13.00.

Vi ber om at føresette hentar dei minste barna slik at vi er sikre på at dei kjem seg trygt heim.

Barnehagane i Ulstein held ope til klokka er 14.00. 

Meir om ekstremvêret som er varsla finn du her.

Meir informasjon om torsdag 1. februar vil kome i løpet av ettermiddagen onsdag.

 

Andre tiltak innan kultur og oppvekst, onsdag 31. januar

  • Ulstein Arena – idrettshallen, biblioteket og Ulsteinbadet held stengt frå klokka 12.00
  • kulturskulen held stengt heile dagen
  • alle kinoframsyningar er avlyst
  • Ulsteinhallen er stengt