Prøveresultat på topp i fylket

Prøveresultat på topp i fylket

Jaro Hollan / Slyngstad Aamlid Arkitekter AS Resultata til niandeklassingane våre på nasjonale prøver ligg på fylkestoppen.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Arbeidet for å skape gode læringsmiljø ber frukt. På dei nasjonale prøvene i lesing og rekning for 9. trinnet, hevdar elevane våre seg heilt i toppen i Møre og Romsdal. Det viser statistikk frå Utdanningsdirektoratet.

På prøva i rekning kjem Ulstein aller best ut blant kommunane i fylket. I lesing er Ulstein blant dei seks beste.

Også i fjor var resultata på 9. trinnet vårt blant toppane i lesing og rekning.

Sjå meir av statistikken hos Utdanningsdirektoratet