Planlegg du reise til utlandet og usikker på kva reglar som gjeld?

Klikk for stort bilete Pixabay Nordmenn på reise må gjere seg kjend med dei reglane som til ei kvar tid gjeld lokalt og forholde seg til dei. 

Det er mykje å passe på for dei som skal til utlandet i sommar. Situasjonen er fortsatt uforutsigbar og prega av restriksjonar og reglar. Ikkje ring legekontoret og/eller helsestasjonen for å få svar på spørsmåla dine. Ulstein legesenter har heller ikkje kapasitet til å ta koronatest dersom du treng det i høve fritidsreise til utlandet. Slik koronatest må bestillast hos private klinikkar.

 

Reiseråd frå Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet frårådar alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land utanfor EU/EØS, Sveits og Storbritannia. Reiserådet gjeld til 10. august 2021. Det vert gjort unntak for enkelte land og område utanfor EU som oppfyller Folkehelseinstituttets kriterier for lav smittespreiing. Endringar i både smitteutbreiing og lokale restriksjonar kan endre seg raskt og gjer situasjonen uforutsigbar. Alle må tenke nøye igjennom naudsynet av å reise.

UDs reiseinformasjon.

 

Kva er retningslinjene for reiser til Norden?

Det er ikkje lenger eit krav om ti dagar karantene ved ankomst Noreg etter besøk i dei områda i Norden som tilfredstiller FHI sine kriterier.

 

Korleis få oversikt frå land til land?

Her finn du oversikt over reiseinformasjon sortert etter land.

 

Slepp eg karantene dersom eg reiser til eit land som er opent for innreise for nordmenn?

Dersom du reiser til eit raudt land eller raud region, må du i karantene ved retur til Noreg. Dette gjeld uavhengig av om landet eller regionen sjølv tillet innreise og fri ferdsel innan i landet for nordmenn.

 

Innreisekarantene ved ankomst til Noreg?

Frå og med måndag 5. juli 2021 gjekk Noreg over til å følgje EUs fargekart. 

Her er EUs kart over land/områder i Europa og innreisekarantene ved ankomst til Noreg.

EUs fargekart består av ulike fargar. Dette betyr dei:

  • Grøn: du må ikkje i karantene ved innreise til Noreg
  • Oransje: du må vere i karantene ved innreise til Noreg
  • Raud: Du må vere i karantene ved innreise til Noreg
  • Lilla: du må i karantene ved innreise til Noreg
  • Mørkeraud: du må i karantene og på karantenehotell ved innreise til Noreg
  • Lys grå: du må i karantene og på karantenehotell ved innreise til Noreg
  • Gul: kategorien er for tida ikkje i bruk

Smittekartet over land/områder i Europa som er omfatta av karantene ved innreise til Noreg vert oppdatert kvar veke natt til måndag.

Innreisekarantene varer i 10 døgn. Fullvaksinerte og dei som har hatt covid-19 dei siste seks månadane har unntak frå innreisekarantene. Beskytta som har fått første vaksinedose for mellom 3 og 15 veker sidan og barn under 18 år må i innreisekarantene, men kan avslutte karantenen dersom dei testar negativt tidlegast tre døgn etter ankomst.  

Her kan du lese meir om innreisekarantene og reglar ved ankomst til Noreg.


Koronasertifikat

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest. Opplysningar om vaksiner, koronatest og gjennomgått covid-19-sjukdom avgjer om du får eit gyldig sertifikat. - Det kan gå noko tid frå du er vaksinert til sertifikatet ditt blir grønt.

Førebels er det berre framvising av koronasertifikat med QR-kode som kan verifiserast av norske myndigheiter, som er ansett som sikker verifiserbar måte å dokumentere vaksinasjon eller gjennomgått sjukdom.
[Norsk, dansk, svensk eller EUs digitale koronasertifikat].

Dersom du har norsk personnummer eller D-nummer finn du koronasertifikatet ditt på Helsenorge. Du må ha BankID, BankID på mobil, Buypass ID på smartkort, Buypass ID i mobil eller Commfides e-ID for å logge deg inn.

Logg inn for å sjå ditt koronasertifikat.

QR-koden inneheld opplysningar om koronavaksine, koronaprøve og gjennomgått koronasjukdom. Du kan sjå innhaldet i utskriftsversjonen når du har logga deg inn.

Du kan bli bedt om å vise kontrollsida ved grensepassering innan EU/EØS eller i andre situasjonar der informasjon vert krevd (f.eks. større arrangement med krav om koronasertifikat).
Slik bruker du koronasertifikatet for å komme inn på større arrangement i Noreg (PDF, 106 kB).

Det er reglane i landet du er i som bestemmer om sertifikatet er gyldig. Du finn ei oversikt på https://reopen.europe.eu.

 

Kva må eg tenke på før eg skal reise?

  • Reiseforsikring:
    Gyldig reiseforsikring er heilt avgjerande dersom du blir sjuk, utsett for ei ulykke eller noko anna uventa. Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt i god tid før avreise for å sjekke at du har gyldig forsikring og kva den dekkjer.
     
  • Reglane der du skal:
    Sett deg grundig inn i kva reglar som gjeld for innreise i landet du skal reise til. Informasjonen finn du her på oversikta over UDs reiseinformasjon.

    Her finn du reiseinformasjon sortert etter land.

    Du bør også ta ein titt på landets eigne offisielle informasjonssider eller på EU sine sider.
     
  • Registrer deg:
    UD oppfordrar alle nordmenn på reise å registrere seg på https://www.reiseregistrering.no/ slik at dei kan nå deg med informasjon om det blir nødvendig.
     
  • Planlegg reiseruta di:
    Planlegg reiseruta di, og dersom du skal i transitt bør du undersøke om det gjeld eigne reglar der.
     
  • Koronasertifikat:
    Sjekk om kontrollsida for bruk ved grensepasseringar i EU/EØS er grøn.
     
  • Sjekk karantenekrav eller karantenehotell:
    Sett deg inn i kva karantenereglar som gjeld dit du skal. Sjekk også kva som gjeld når du kjem tilbake til Noreg frå det landet du har tenkt å reise til.

    Folkehelseinstituttet (FHI) vurderar kvar veke kva land som har så lavt smittetrykk at det ikkje er krav om karantene ved innreise til Noreg. Det er altså fargen på landet du reiser i frå som avgjer om du må i reisekarantene og kva reglar du skal følgje ved innreise til Noreg.

    Etter at du har funne ut kva farge landet har, kan du lese om kva reglar som gjeld for deg her.
     
  • Sjekk om du treng koronatest:
    Sjekk om landet du reiser til krev attest for negativ test for Sars-CoV-2 før innreise og tidspunkt for når ein slik test eventuelt må vere teken. Undersøk om du ved returen må ha attest for negativ test for Sars-CoV-2 som er teken i løpet av dei siste 24 timar før ankomst til Noreg.

    Merk: Ulstein legesenter har ikkje kapasitet til å ta koronatest i høve fritidsreiser til utlandet.
    Slik koronatest må bestillast hos private klinikkar (f.eks. Nordvestklinikk og Medi3 Ulsteinvik).
     
  • Krav om innreiseregistrering og karantene ved retur til Noreg:
    Dei fleste må registrere seg i innreiseregisteret entrynorway.no før ankomst til Noreg.
    Sett deg også inn i kva karantenereglar som gjeld for dei som kjem tilbake til Noreg frå det landet du har tenkt å reise til. Er landet raudt eller grønt på FHIs kart?
     
  • Reise med barn:
    Sjekk kva reglar som gjeld for barn på reise ved reisemålet.

    Barn som ikkje er vaksinert eller har gjennomgått covid-19-sjukdom må gjennomføre karantene sjølv om dei reiser med vaksne som enten er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19-sjukdom.

    Ved ankomst til Noregt er hovudregelen at mindreårige ikkje skal vere på karantenehotell. Barn er likevel ikkje fritatt for karantene. Personar under 18 år skal gjennomføre karantenen på annan eigna  stad såframt det er mogleg. Dersom foreldra må opphalde seg på karantenehotell, skal barnet gis moligheit til å opphalde seg der saman med dei. 
    Innreise og karantenefritak: Dette er reglane som gjeld ved innreise til Noreg - regjeringen.no