Pausar vaksinering med AstraZeneca

Pausar vaksinering med AstraZeneca

Illustrasjonsfoto. Janne-Marit Myklebust Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket har bestemt at vaksinering med AstraZeneca skal setjast på pause.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Pausen kjem som følgje av ei undersøking som vart sett i gang i Danmark, der det vert sett på om det er samanheng mellom vaksinen og tilfelle av blodpropp.

Liknande meldingar har også kome i Noreg.

Folkehelseinstituttet oppmodar folk med symptom om å melde seg til legen. (Klikk på lenka for å sjå liste over symptom du må vere merksam på om du har fått AstraZeneca-vaksinen). 

For oppdatert informasjon oppmodar vi om å nytte Folkehelseinstituttet sine nettsider --> www.fhi.no

--

Ulstein vil halde fram med vaksinering med Pfizer/BioNTech-vaksinen som planlagt.

Her finn du samla informasjon om koronasituasjonen i Ulstein kommune.