Påbod om munnbind på ferje og hurtigbåt

Påbod om munnbind på ferje og hurtigbåt

Illustrasjon: FHI Søndag vart det innført strenge tiltak i kommunane Ålesund, Giske og Sula grunna fleire nye koronatilfelle. Dette får følgjer også for Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det fortel kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde. 

Dei nye råda og reglane gjeld t.o.m. 11. april.

Statsforvaltaren har halde møte med fleire nabokommunar på Sunnmøre, og føringane er klare: 

  • Det er plikt til å bruke munnbind på ferjer og hurtigbåtsamband – om det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.
  • Alle frå Ålesund, Giske og Sula som pendlar til Ulstein, og alle frå Ulstein som pendlar til ein av desse tre kommunane, og som har moglegheit for å ha heimekontor, skal ha heimekontor.

 

Her finn du samla informasjon om koronasituasjonen i Ulstein kommune.

FHI