På saklista til teknisk utval 7. februar

Klikk for stort bilete Slyngstad Arkitekter

Utbyggjaren av Sjøsida II søkjer om dispensasjonar frå reguleringsplanen for området og frå krav til universell utforming. Administrasjonen i kommunen meiner at utbyggjaren skisserer løysingar som vil vere gode for alle brukarar av området. Difor tilrår administrasjonen at søknaden om dispensasjon vert godkjent – på visse vilkår. Dette er ei av sakene som skal opp i teknisk utval 7. februar. 


Uttale – oppstart kystsoneplan for Søre Sunnmøre (sak PS 19/5)

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gang med å utarbeide ein felles plan for sjøområda. No ønskjer administrasjonen innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast.


Mindre endring – reguleringsplan for Haddal industriområde (sak PS 19/6)

Ulstein Betongindustri har søkt om rammeløyve for ny tørrdokk. Det er gjennomført skredfarevurdering av Haddalura. Administrasjonen går inn for mindre endring av reguleringsplan for Haddal industriområde, med innlegging av faresoner for skred og tilhøyrande føresegner.


Klage på vedtak sak PS 18/114 i teknisk utval, gnr 5, bnr. 4 - garasje (sak PS 19/7)

Klage på vedtak PS 18/114 i teknisk utval, om avslag på søknad om dispensasjon frå § 5.3.3.1 og § 5.3.2.7 i føresegnene til kommuneplanen, for oppføring av garasje på gnr. 5, bnr. 4.  Garasjehøgda er i klagen litt redusert.  Teknisk etat finn likevel ikkje at det i klagen er lagt fram vesentlege nye opplysingar i saka og tilrår teknisk utval å stå fast på vedtaket i PS 18/114.


Gnr. 4, bnr. 1 – overtredingsgebyr, pålegg om retting og tvangsmulkt, naust – Inge Eidem (sak PS 19/8)

Overtredingsgebyr, pålegg om retting og tvangsmulkt for riving og oppføring av naust utan søknad og løyve, jf. pbl § 32-8, 1. ledd og SAK10 § 16-1 m/ veil, 1. ledd. Administrasjonen tilrår overtredingsgebyr, pålegg om retting og tvangsmulkt i samsvar med saksutgreiinga.


Gnr. 8, bnr. 189 og 153 – Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan for mellombels tilkomst, rigg og parkering – Bjørndalvegen Park (sak PS 19/9)

Utbyggar av Bjørndalvegen Park har behov for tilkomst med anleggsmaskinar for opparbeiding og tilstelling av parkområdet bak Bjørndalvegen Park. Det er difor søkt om mellombels tilkomst frå Vikemyra og bruk av opparbeidd parkeringsplass på gnr. 8, bnr. 189 og arealet direkte bak Bjørndals minne i ein tidsperiode fram til og med 01.12.2019. Areala som skal nyttast er regulert til friområde (park, turveg, leikeplass), gangveg og parkering. Der ligg føre protestar og merknadar frå naboar, men kommunalsjef teknisk rår til at det på visse vilkår vert gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen som omsøkt.


Gnr. 8, bnr. 543 – Søknad om dispensasjonar for Sjøsida, byggetrinn II (sak PS 19/10)

Teknisk utval gav i sak 18/29, møtedato 09.03.2018 dispensasjonar frå reguleringsplanen for Sjøsida og frå kravet til universell utforming for utbygging av byggetrinn II med nedsenka gangtrasé mot sjøen. Utvalet godkjende bruk av første etasje mot sjøen til bustad og resterande del av første etasje til parkering i staden for forretning/kontor som regulert. Merknad frå nabo med ønskje om bruk av tett fasade i trapperommet mot første byggesteg vart ikkje imøtekome. Vedtaket vart påklaga og teknisk utval tok ikkje klaga til følgje. Fylkesmannen oppheva kommunens vedtak grunna manglande søknad om dispensasjon, handsaming og fordi dispensasjonssøknaden ikkje på førehand var oversendt aktuelle instansar til uttale. Utbyggjar søkjer no på nytt om dispensasjonar, og har teke merknaden frå nabo til følgje. Administrasjonen meiner framleis at omsøkte løysingar vil vere attraktive og gode for alle brukarar av området og tilrår difor at søknaden vert godkjent.


Gnr. 8, bnr. 152 – Søknad om dispensasjon frå parkeringskrav, forsamlingslokale Ulsteinvik Bibelsenter (sak PS 19/11)

Ulsteinvik Bibelsenter fekk 19.04.2018 dispensasjon for bruksendring av 2. etg. i Bjørndalvegen 11 for etablering av nye forsamlingslokale. Ny eigar av bygget er UBS Eigedom AS, og dei søkjer no om dispensasjon frå parkeringskrav til forsamlingslokala, jf.  kommuneplanen. Kommunalsjef teknisk tilrår å ikkje godkjenne søknaden som omsøkt, og krev frikjøp av minst 7 p-plassar. Dette vert i fall ein dispensasjon for 6 p-plassar då der ligg eit krav om totalt 13 nye p-plassar. Kommunalsjefen legg til grunn at der vil vere eit visst sambruk mellom parkeringsplassane for kontor- og forsamlingslokala i bygget.


Omstillingsprosjekt 2019 – vidareføring av tiltak (sak PS 19/12)

Det er starta opp eit arbeid med omstilling / innsparing med bistand frå Agenda Kaupang AS. Arbeidsgruppene i prosjektet har utarbeidd tiltaksliste som er gjennomgått av referansegruppa. I denne saka ligg det forslag til vidare arbeid med saka.


Fordeling av budsjettrammer 2019 – teknisk etat (sak PS 19/13)

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i økonomiplansaka i kommunestyret den 13.12.2018, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenesteområda for teknisk etat sitt område. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av teknisk utval.


Innføring av AutoPass takstregulativ på ferjesamband – høyring (sak PS 19/14)

Det skal innførast AutoPass ordning for betaling på ferjene. Endringa vil innebere at det ikkje vert teke betaling for bilpassasjerar, dvs. at takstane for bil må aukast for å oppretthalde inntektsnivået. Fylkeskommunen har sendt framlegget på høyring m.a. til kommunane.



Meldingssaker

  • Delegerte vedtak frå Landbruksavdelinga i Herøy i 2018 (sak RS 19/1)


Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Her finn du saksdokumenta til møtet.

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i teknisk utval.