På saklista til teknisk utval 4. oktober 2018

Rundkøyring ved Amfi i Ulsteinvik.jpg - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Rotary har klaga på at teknisk utval avslo å plassere Høddmonumentet i rundkøyringa ved Amfi i Ulsteinvik. Bør kommunen halde fast på vedtaket? Teknisk utval skal behandle klagen 4. oktober. 

    

Politiske saker

 

PS 18/102  Tertialrapport 2. tertial 2018

Tertialrapporten gir status på tenesteproduksjon, økonomi og sjukefråvær for perioden maiaugust 2018. Rapporten vert lagt fram for faste utval, formannskapet og kommunestyret og baserer seg på tilbakemeldingar frå einingsleiarane i Agresso Web. Med utgangspunkt i prognosane er forventa årsresultat nær balanse for 2018, men dette føreset vidare stram styring. Det er under arbeid sak om revidering av barnehagetilskot for perioden 2012-2017, som har ein potensiell meirkostnad i området kr 8-10 million. Det er ikkje tatt høgde for dette i prognosen. 

 

PS 18/103  Ulstein Rotary Klubb, Høddmonument – klage på vedtak 

Teknisk utval avslo plassering av ein konstruksjon kalla Høddmonumentet Ulstein Rotary Klubb ønskjer å setje opp i rundkøyringa ved Amfi. Målsetjinga er å heidre IL Hødd i samband med at idrettslaget er 100 år i 2019. Det har vorte klaga på vedtaket som med dette vert lagt fram for teknisk utval til handsaming. Kommunalsjef teknisk rår teknisk utval til å halde fast på tidlegare vedtak, dvs. å ikkje imøtekome klagen. 

 

PS 18/104  Søknad til Noregs Forskingsråd om innovasjonsprosjekt 

Kommunane på Søre Sunnmøre har bidrege til marine grunnkart som vil gje meir presis og effektiv kystsoneplanlegging i sjøareala. Arbeidet med kartlegging av marine grunnkart er avslutta og arbeidet med kystsoneplanen er i gang. Kommunane er invitert til å søkje om midlar til ”Presis og effektiv kystsoneplanlegging” PROKYST, med fokus på havbruk. 

 

PS 18/105  Detaljregulering B25 og B105 – Sundgotlegene – Oppstart av planarbeid

Det er ønskje om å starte opp detaljregulering av B25 og B105 – Sundgotlegene. Det er kome inn merknad til B105 i kommuneplanprosessen. Det vert difor tilrådd at ein får starte opp detaljregulering, men med atterhald om at plangrensa kan bli endra og at detaljreguleringsplanen ikkje kan godkjennast i kommunestyret før kommuneplanens arealdel er vedteken. 

 

PS 18/106  Gnr. 7, bnr. 37. Søknad om dispensasjon for byggehøgde, riggkonstruksjon på utrustningskai – Ulstein Verft AS 

Ulstein Verft AS søkjer om dispensasjon frå reguleringsplanen for oppføring av riggkonstruksjon på utrustningskai. Då riggen er meint å effektivisere sambindinga mellom verftsfunksjonar på land og utrustning om bord i skip med mange dekk, må den ha høgde tilsvarande dekk på skip. Dette betyr ei høgde på om lag 21 m over kaiplanet, (kote 23,3 moh NGO). Då gjeldande reguleringsplan har ei øvre grense på kote 17 moh NGO, vil dette seie eit avvik på 6,3 m. Kommunalsjef teknisk rår til at dispensasjonen vert gjeven på visse vilkår.

 

PS 18/107  Gnr. 2 bnr. 5. Søknad om dispensasjon for deling av grunneigedom – Laila Midtflø 

Laila Midtflø søkjer om dispensasjon frå delingsforbodet i LNF-område i kommuneplan for frådeling og oppretting av ny grunneigedom på om lag 700 m2 med eksisterande bustadhus som er det eldste huset på garden. Kommunalsjef teknisk rår til at dispensasjon kan gjevast som omsøkt. 

 

PS 18/108  Budsjettregulering investering VA 2018

Det er behov for å overføre midlar frå nokre investeringsprosjekt til andre prosjekt innanfor vassforsyning og avløp. Årsakene er at kostnader har endra seg på enkelte prosjekt i høve budsjettet, og at der er nokre prosjekt som av ulike grunnar må utsetjast. 

  

Meldingssaker

  • RS 18/19  Forkøyrsregulering av fv. 25 Fløvegen og fv. 26 Dimnaøyvegen i Ulstein kommune – høyring sendt fra Statens vegvesen

  

Delegerte saker

  • DS  18/152  Rammeløyve for tilbygg, carport og fasadeendringar 
  • DS  18/153  Løyve til tilbygg - utvida terrasse, trapp til terreng og carport 
  • DS  18/154  Løyve til oppføring av tilbygg for veranda og bod 
  • DS  18/155  Løyve til bygging av gang- og sykkelveg på Skeide
  • DS  18/156  Løyve til bygging av turveg 

  

Saksdokument og kontaktinformasjon 

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i teknisk utval.