På saklista til levekårsutvalet 6. februar

Klikk for stort bilete Faksimile av stortingsmeldinga Leve heile livet Kva gir livskvalitet for eldre i Ulstein? Det har ei arbeidsgruppe tatt føre seg. Arbeidsgruppa har henta inn mange innspel frå folk og kjem med anbefalingar på fem område. Dette er ei av sakene som skal opp i levekårsutvalet 6. februar. 

 

Fornying av skjenkeløyve – Naboen Restaurant Ulsteinvik (sak PS 19/4)

Kommunestyret vedtok 24. mai 2018 å gje skjenkeløyve til Naboen Restaurant Ulsteinvik AS, med gyldigheit fram til 30. september 2019. Naboen Restaurant Ulsteinvik har søkt om fornying/ forlenging av løyvet. Rådmannen tilrår at gjeldande skjenkeløyve vert fornya med verknad til 30. september 2020.


Søknad om nytt salsløyve som følgje av fusjon – Coop Nordvest SA Adv. 443 Coop Mega (sak PS 19/5)

Som følgje av at Coop Nordvest SA Avd. 443 Coop Mega Ulsteinvik sitt tidlegare eigarselskap Coop Vest AS har fusjonert med Coop Orkla Møre SA, er det søkt om endra/ ny salsbevilling. Det nye eigarselskapet heiter no Coop Nordvest SA. Rådmannen tilrår at det vert gjeve ny salsbevilling for alkoholhaldig drikk gruppe 1.


Uttale – Oppstart kystsoneplan for Søre Sunnmøre (sak PS 19/6)

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gang med å utarbeide ein felles plan for sjøområda. No ønskjer administrasjonen innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast.


Omstillingsprosjekt 2019 – Vidareføring av tiltak (sak PS 19/7)

Det er starta opp eit arbeid med omstilling / innsparing med bistand frå Agenda Kaupang AS. Arbeidsgruppene i prosjektet har utarbeidd tiltaksliste som er gjennomgått av referansegruppa. I denne saka ligg det forslag til vidare arbeid med saka.


Leve heile livet i Ulstein – Kvalitetsreform for eldre (sak PS 19/8)

I 2018 har ei arbeidsgruppe arbeidd med lokal oppfølging av reforma «Leve hele livet, en kvalitetsreform for eldre». Arbeidsgruppa har vurdert målsettingane og tiltaka som stortingsmeldinga inneheld, og kjem med anbefalingar innanfor fem innsatsområder som kan auke livskvaliteten for eldre i Ulstein. Anbefalingane vert lagt fram for kommunestyret, og skal deretter nyttast som grunnlag for administrasjonen sitt arbeid med å fremje ei eiga sak om organisering av eldreomsorga i Ulstein.

 


Fordeling av budsjettrammer 2019 – helse og omsorg (sak PS 19/9)

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i kommunestyret den 13.12.2018, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenestområda innafor helse og omsorg sitt område. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av levekårsutvalet.


Fordeling av budsjettrammer 2019 – oppvekst og kultur (sak PS 19/10)

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i økonomiplansaka i kommunestyret den 13.12.2018, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenesteområda for oppvekst og kultur sitt område. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av levekårsutvalet.


Meldingssaker

  • Sals-, skjenke- og tobakkskontrollar i perioden 06.11.2018-28.01.2019 (sak RS 19/1)

  • Vedtak om utvida skjenketid for uteservering 31.12.2018 (sak RS 19/2)


Ettersende saker

  • Skjenkekontrollar 26.01.2019 (sak RS 19/3)

  • Sjøsida byggetrinn II (sak PS 19/11)

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet.

Her finn du saksdokumenta til dei ettersende sakene. 

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i levekårsutvalet.