Politiske saker
Snoezelen som spesialpedagogisk metode - endring i tilbodet (sak PS 18/49)
- Kommunen har i dag Snoezelen-tilbod ved to lokasjonar. Ved Ulstein kompetansesenter leverer ein Snoezelen-trening i spesialpedagogisk samanheng som opplæring. I nybygde lokale i Holsekerdalen 24 er det etablert Snoezelen-avdeling knytt til aktivitet/terapi/trening organisert under omsorgsetaten. Ei samordning av Snoezelen-tilbodet i lokala i Holsekerdalen 24 vert lagt fram som del av omstillingspakken 2018. Saka har vore handsama i politiske organ, og etter vedtak i kommunestyret 20.09.18, vert saka lagt fram på nytt med utvida saksutgreiing.
Hødd - ekstra søknad om støtte i 2018 (sak PS 18/50)
- Saka gjeld søknad om ekstra tilskot i 2018 frå Hødd fotball grunna vesentleg svekka inntektsgrunnlag i 2. divisjon og svekka sponsorgrunnlag. Dei søker også om kompensasjon for auka kostnader ved vedlikehald og drift av kunstgrasbane på nye Høddvoll.
Uttale - Detaljregulering Solstien og Berntmarka - Melding om oppstart (sak PS 18/51)
- Det er varsla oppstart av detaljregulering for Solstien og Berntmarka. Utvala vert gjeven høve til kome med innspel oppstartsmeldinga.
Investeringsprosjekt - retningsliner (sak PS 18/52)
- Godkjenning av nytt reglement for gjennomføring av investeringsprosjekt. Reglementet er utarbeidd etter eit politisk vedtak som vart gjort i saka om økonomiplan 2018 – 2021 og budsjett 2018 i desember 2017.
Tertialrapport 2. tertial 2018 (sak PS 18/53)
- Tertialrapporten gir status på tenesteproduksjon, økonomi og sjukefråvær for perioden mai-august 2018. Rapporten vert lagt fram for faste utval, formannskapet og kommunestyret og baserer seg på tilbakemeldingar frå einingsleiarane i Agresso Web. Med utgangspunkt i prognosane er forventa årsresultat nær balanse for 2018, men dette føreset vidare stram styring. Det er under arbeid sak om revidering av barnehagetilskot for perioden 2012-2017, som har ein potensiell meirkostnad i området kr 8-10 million. Det er ikkje tatt høgde for dette i prognosen.
Meldingssaker
- Informasjon om brukarorganisasjonen for slagramma og pårørande - LHL Hjerneslag (sak RS 18/28).
- Førehandsvarsling om vedtak om prikktildeling på skjenkeløyve - Trebaatfestivalen 2018 (sak RS 18/29).
Orienteringar
- Hildegunn Utgård orienterer om velferdsteknologi
- Helsestasjonen orienterer om prosjektet «Trygg start»
Saksdokument og kontaktinformasjon
På grunn av overgang til nytt sak-/arkivsystem er ikkje saksdokumenta tilgjengelege på kommunen si innsynsløysing. Dersom du treng innsyn i saksdokumenta, ta kontakt med postmottak@ulstein.kommune.no