På saklista til levekårsutvalet 29. januar 2020

Klikk for stort bileteDette er dei tre utgreidde alternativa til plassering av den nye barnehagen. Norkart AS/Geovekst og Ulstein kommune Kor skal den nye barnehagen i Hasund krins byggast? Det er eit av spørsmåla levekårsutvalet skal uttale seg om 29. januar. 

Administrasjonen tilrår å velje eit tilbygg til Sundgotmarka barnehage. Tre alternativ er greidde ut:

  1. ny barnehage i Gjerdsbakkane ved Hasundgot stadion 
  2. tilbygg til Sundgotmarka barnehage 
  3. ny barnehage ved Straumane vis-à-vis Hasund skule 

Konklusjonen i utgreiinga er slik: «Sidan alternativ 2 utviding av Sundgotmarka barnehage er frå ca. 13–19 mill. kr rimelegare enn dei to andre alternativa, har fordelar knytt til trafikkavvikling og ligg sentralt i det største bustadområdet i krinsen, vert det rådd til å gå vidare med dette alternativet». 

Saka om tomteval til barnehage skal også opp i fellesrådet 28. januar og i formannskapet 4. februar. Saka vert avgjort i kommunestyret 13. februar. 

 

Saker og kontaktinformasjon 

Her er saksdokumenta til møtet i levekårsutvalet 29. januar og kontaktinformasjonen til dei som sit i utvalet

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i møtet. 


Alkoholpolitisk handlingsplan 2020-2024 (sak PS 05/20) 

Gjeldande Alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan.
Utkastet inneheld hovudmåla for Ulstein kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol. Planen har vore på høyring til berørde aktørar i Ulstein kommune.

 

Søknad om utviding av utandørs skjenkeareal – Quality Hotel Ulstein (sak PS 06/20) 

Quality Hotel Ulstein skal forlengje eksisterande uterestaurant mot sør, og søkjer den 5. november 2019 om å få utvida gjeldande skjenkeløyve til å omfatte også det utvida arealet. Søknaden gjeld for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2. Kommunedirektøren tilrår at søknaden vert imøtekomen på nærare vilkår.

 

Kulturmidlar til fordeling etter salet av Aktivitetshuset Vikholmen (sak PS 07/20) 

Etter salet av Aktivitetshuset Vikholmen, vart det vedteke at 523.230 kr skulle kome lag og organisasjnar heimehøyrande i Ulstein til gode.
I 2018 vart det fordelt 300.000 kr, og det står dermed att 223.230 kr til fordeling.
Det har kome inn sju søknadar.

 

Muleg kjøp av Bjørndals Minne (sak PS 08/20) 

Ulstein kommunestyre handsama våren 2019 sak om muleg kjøp av Bjørndals Minne, der det i vedtaket heiter at administrasjonen skal ta kontakt med stiftinga for å avklare om det er muleg å nedjustere økonomisk profil. Stiftinga melder at dei ikkje ønskjer å selje under oppgitt takst, og søkjer no om tilskot til drift/vedlikehald i staden.

 

Ny kommunal barnehage - val av tomt (sak PS 09/20) 

Investeringsmidlar til ny kommunal barnehage ligg inne i vedteken økonomiplan for perioden 2019-2022 med 18,5 MNOK eks. moms i 2022, og kr 0,5 MNOK til forprosjekt i 2020.
I arealdelen av gjeldande kommuneplan er det lagt inn fire mulege areal til ny barnehage, og for å kome vidare med planlegging av ny barnehage, må tomteval avklarast. Administrasjonen rår til at kommunestyret vel løysinga med utviding av Sundgotmarka barnehage.

 

Fordeling av budsjettrammer 2020 – Oppvekst og kultur (sak PS 10/20) 

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i økonomiplansaka i kommunestyret den 19.12.2019, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenesteområda for oppvekst og kultur sitt område. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av levekårsutvalet.

 

Fordeling av budsjettrammer 2020 – helse og omsorg (sak PS 11/20) 

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i kommunestyret den 19.12.2019, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenesteområda innafor helse og omsorg sitt område. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av levekårsutvalet. 


Saksframlegg på søknad om startlån og bustadtilskot etablering (sak PS 12/20)  

Unnateke offentleg innsyn, jf. offentleglova § 13, forvaltningslova § 13) 

 

Brev frå Rådet for eit aldersvenleg Norge om medverknad frå dei eldre (referatsak) 

 

Godkjenning av ny skjenkestyrar – Brygga Sportsbar AS  (referatsak) 

 

Godkjenning av ny stedfortredar – Brygga Sportsbar (referatsak) 

 

Godkjenning av ny styrar og stedfortredar for skjenkeløyve – ADA 1 AS (Naboen Restaurant) (referatsak) 

 

Sals- skjenke- og tobakkskontroll i perioden 5.11.19-31.12.19 (referatsak) 

 

Vedtak om tildeling av prikkar og inndraging av skjenkeløyvet – Ulsteinvik Bowling as (referatsak) 

 

Søknad UK og oppsummering av aktivitet HØDD i 100 (referatsak) 

 

Lokale retningsliner for utmåling av kommunalt tilskot til private barnehagar (referatsak) 

 

Årsrapport – Mobbeombodet i Møre og Romsdal (referatsak)