På saklista til levekårsutvalet 14. november

Pengar - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Kven skal få midlar frå salet av aktivitetshuset på Vikholmen? Levekårsutvalet skal behandle søknadane frå lag og organisasjonar 14. november. 

  

Politiske saker 

 

Søknad om skjenkeløyve – Brygga Sportsbar AS (sak PS 18/57)

Brygga Sportsbar AS (org. nr. 921400551) søker om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1, 2 og 3. Det er søkt om skjenketid innanfor kommunens maksimaltid. Ingrid Margrethe Ulstein er styrar og Thor Erik Andersen er avløysar. Rådmannen tilrår at søknaden vert imøtekomen på nærare vilkår. 

 

Søknad om nytt skjenkeløyve – Verona Ulsteinvik AS (sak PS 18/58) 

Verona Ulsteinvik AS (org. nr. 921283873) har overteke drifta av Ulstein Pizza og Grill AS (Verona Restaurant), og søker om nytt skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2. Eigar av verksemda er Mussa Tekhle Rake. 

 

Generelle søknader om tilskot – tildeling 2. halvår 2018 (sak PS 18/59)

Ulike lag og organisasjonar kan søke kommunen om generelt tilskot. I Ulstein er det levekårsutvalet som handsamar søknadane som kjem inn. Den årlege ramma for fordeling er sett til kr. 50.000,- og vert delt ut 2 gongar i året. Det ligg føre åtte søknadar for 2. halvår 2018. Kommunen har ikkje kriterier for å vurdere søknadane opp mot kvarandre. Saka om fordeling vert difor lagt fram utan tilråding frå administrasjonen. 

 

Fordeling av midlar etter salet av Aktivitetshuset (sak PS 18/60) 

Etter avviklinga av stiftinga og salet av Aktivitetshuset på Vikholmen, vedtok kommunestyret 23.04.2017 at midlane frå salet skulle nyttast til ulike kulturaktivitetar/ føremål. Det har kome inn ti søknadar frå lag og organisasjonar i kommunen. 

 

Ferdigstilling av turveg Gamleeidet–Breifjellet (sak PS 18/61)

Bygginga av turvegen over Gamleeidet starta i 2015. Planen var at vegen i hovudsak skulle byggast av tilkøyrde masser frå Ulstein Arena. Prosjektet var kostnadsrekna til vel 1,6 mill. kr, og vi har fått tilsegn på 875 000 kr i spelemidlar. For å få ferdigstilt vegen må det løyvast om lag 400 000 kr til føremålet. Skal kommunen unngå å misse spelemidlane til prosjektet, må turvegen ferdigstillast snarast råd. 

 

Statleg sikring av friluftsområde i Ulstein (sak PS 18/62)

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha moglegheit til å utøve friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles, og at område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på. For å sikre viktige område for friluftsliv i framtida, samt vidare utvikle og legge til rette for friluftsaktivitetar her, ynskjer vi å søke midlar til statlig sikring av dei mykje brukte områda Osnessanden og Bugardsmyrane. 

 

Generelt vedtak for Ulstein kommune etter vurdering av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for område under skyssrett (sak PS 18/63) 

Saka gjeld vedtak som erstattar tidlegare vedtak for område som har særleg farleg skuleveg i Ulstein kommune.

 

Kvalitetsmelding – grunnskulen 2018 (sak PS 18/64)

Det er fastsett i opplæringslova at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Den årlege tilstandsrapporten inngår som ein del av det ordinære plan-, budsjett- og rapporteringsarbeidet hjå skuleeigar, og har kvalitetsutvikling som siktemål. Rapporten heiter Kvalitetsmelding – grunnskulen 2018

 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/65) 

Økonomiplanen for 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember. 

 

(Sakene PS 18/66–77 gjeld søknader om startlån og bustadtilskot til etablering, og er unnatekne offentleg innsyn.) 

 

Meldingssaker 

  • SLT-arbeid 2018 – Referat koordineringsgruppa 28.09.18 (sak RS 18/30) 
  • Skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring – ein viktig samarbeidsarena (sak RS 18/31) 
  • Sals- og skjenkekontrollar i perioden 24.4.18–5.11.18 (sak RS 18/32) 

 

Orientering/opplæring 

  • Conplan/Sporstøl presenterer skisse for utbygging av Ulsteinvik barneskule
  • Arnfinn Rørvik, bustadkonsulent, gjennomfører opplæring i startlån og bustadtilskot

 

Saksdokument og kontaktinformasjon 

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i levekårsutvalet