På saklista til kommunestyret 28. november 2019

Klikk for stort bilete Steve Snodgrass / flickr Creative Commons Korleis skal kommunen og andre aktørar handtere akutte situasjonar der miljøet vert forureina? Det er temaet i den nye beredskapsplanen mot akutt forureining på Sunnmøre. Kommunestyret skal vedta planen 28. november. 

  

Saker og kontaktinformasjon 

Her er saksdokumenta til kommunestyremøtet og kontaktinformasjonen til dei som sit i kommunestyret

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i møtet. 

 

Val av fellesråd 2019–2023 (sak PS 120/19) 

Ulstein kommunestyre skal velje representantar til fellesrådet for eldre og menneske med nedsatt funksjonsevne. Kommunestyret skal velje samansetjing, leiar og nestleiar etter tilråding frå valutvalet.

 

Val av styre for UEKF (sak PS 121/19) 

Kommunestyret skal velje representantar, personlege vararepresentantar, leiar og nestleiar i styret for Ulstein eigedomsselskap KF, etter valutvalet si tilråding.

 

Val av ungdomsråd (sak PS 122/19) 

Ulstein kommunestyre skal velje representantar til ungdomsrådet etter tilråding frå valutvalet. 

 

Styrer, nemder og råd (PS 123/19)

Ulstein kommunestyre skal velje representantar og vararepresentantar for ulike nemder og råd for perioden 2019–2023 etter tilråding frå valutvalet.

 

Ny selskapsavtale – Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (sak PS 124/19) 

Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal legg fram ny, oppdatert selskapsavtale som må godkjennast av Ulstein kommunestyre. Det må også peikast ut eit medlem og varamedlem frå Ulstein kommune til representantskapet.

 

Nye vedtekter og ny beredskapsplan mot akutt forurensing på Sunnmøre (sak PS 125/19) 

Styret i Sunnmøre IUA har utarbeidd nye vedtekter og ny beredskapsplan mot akutt forureining på Sunnmøre. Årsmøte i Sunnmøre IUA har tilrådd kommunane å vedta desse i sitt møte den 28.3.2019. Dei nye vedtektene er tilpassa dagens situasjon og den nye kommunestrukturen på Sunnmøre.

 

Vest kontroll – organisering etter ny kommunelov (sak PS 126/19)

Sak er knytt til ny organisering av Vest kontroll etter ny kommunelov. Der er nokre endingar med omsyn til deltakarar i samarbeidet på grunn av kommunesamanslåing. 

 

Mindre endring – Kommuneplanens arealdel 2019–2031 (sak PS 127/19)

Fellesrådet har kome med oppmoding om at tursti til Hasundhornet vert bygd etter kategori B og dette har kome opp som oversendingsframlegg til formannskapet. Det vert tilrådd ei mindre endring av kommuneplanens arealdel.

 

Selskapskontroll – Søre Sunnmøre reinhaldsverk (sak PS 128/19) 

Søre Sunnmøre kommunerevisjon har lagt fram ein rapport frå selskapskontrollen med Søre Sunnmøre Reinhaldsverk. Kontrollutvalet har behandla rapporten. Kontrollutvalet kjem med fleire framlegg til korleis kommunestyret kan følge opp saka. 

 

Forvaltningsrevisjonsprosjekt – Vurdering av innkjøpspraksis (ettersendt sak) 

Det er gjennomført eit forvaltningsrevisjonsprosjekt innafor innkjøp. Saka kjem frå kontrollutvalet. 

 

Politisk møteplan for 1. halvår 2020 (ettersendt sak)  

Kommunestyret skal fastesette ein plan for når dei folkevalde organa og andre kommunale organ i Ulstein skal ha møte dei neste månadane. 

 

Interpellasjon frå SV

Temaet for interpellasjonen er situasjonen for barn og unge i Ulstein med omsyn til fattigdom, vald og overgrep og kva tiltak kommunen har for å møte slike situasjonar. 

 

Referatsak: Melding til kommunestyret om vedtak om oversendingsframlegg

 

Referatsak: Søknad UK og oppsummering av aktivitet HØDD i 100!

 

Referatsak: Protokoll frå kontrollutvalsmøtet 20.11.2019 (ettersendt)