På saklista til kommunestyret 28. mars 2019

Klikk for stort bileteBør kommunen kjøpe fiskerihamna på Flø? Det  er ei av sakene kommunestyret skal ta stilling til 28. mars 2019. 

 
Frå kl. 14 er det eit såkalla stormøte med arbeidsgivarpolitikk og heiltidskultur som tema.

Frå kl. 18 er det vanleg kommunestyremøte, og då blir sakene på saklista behandla. 

 

Følg møtet direkte her frå kl. 18.

 

Politiske saker

 

PS  19/29  Endeleg godkjenning – Kommuneplanens arealdel 2019–2031 

Kommuneplanens arealdel 2019-2031 har vore ute til 2. gongs offentleg ettersyn. Det har vore lagt opp til brei medverknad i planprosessen. Kommunen har motteke mange merknader og nokre motsegner. Alle motsegner vart avklart bortsett frå den som gjeld gravplass. Dermed vart det mekling i regi av Fylkesmannen i Møre og Romsdal med Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga som partar. Meklinga førte ikkje til semje. Om kommunestyret gjer planvedtak i samsvar med framlegget, vil saka bli sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

 

PS  19/30  Årsmelding for 2018 frå kontrollutvalet 

Årsmeldinga gjer greie for arbeidet i kontrollutvalet i 2018.

 

PS  19/31  Brannstasjon – prosess for realisering av nytt bygg 

Sak om ny brannstasjon har vore til politisk handsaming fleire gongar. Ein har ikkje lukkast med å kome fram til ei realiserbar løysing – noko som er målsetjinga med denne saka. Det vert lagt fram to alternativ. Det eine er å lyse ut ein konkurranse i marknaden der private aktørar vert inviterte til å gje tilbod basert på ein spesifikasjon både om tomteplassering og bygningsutforming/-innhald. Det andre alternativet er at kommunen byggjer ny brannstasjon sjølv på eiga tomt eller på tomt som blir kjøpt av privat eigar. Det vert rådd til å lyse ut ein konkurranse i marknaden om bygging av ny stasjon som prioritet 1 frå rådmannen si side.

 

PS  19/32  Flø fiskerihamn – vurdering av kommunalt kjøp 

Kystverket har fått i oppdrag i avhende ikkje næringsaktive fiskerihamner, mellom desse Flø fiskerihamn. Kommunen får tilbod om å kjøpe hamna om ikkje statlege instansar melder seg. Taksten er på kr 950.000,-. Administrasjonen kan ikkje sjå at Ulstein kommune har bruk for hamna til eiga verksemd og frårår at kommunen skal melde seg som aktuell kjøpar. 

 

PS  19/33  Saunesmarka – veglys og forlenging av gang- og sykkelveg 

I samband med sal av to tomter langs Storehølvegen i Saunesmarka, har det kome fram ønske om å forlenge gang- og sykkelvegen langs Storehøvegen i om lag 130 m lengde. I Saunesmarka er der veglys berre i ein liten del av industriområdet. Inntekter frå sal av industriareal bør brukast til å rette opp dette.

 

PS  19/34  Strategi for nyskaping 

Ulstein kommune har lenge lagt stor vekt på nyskapingsarbeid. Formannskapet har handsama eit utkast til ein strategi som skal styrke nyskapingsarbeidet ytterlegare. Utkastet vert med dette sendt på høyring til utvala, ungdomsrådet og vidare til formannskapet før endeleg vedtak i kommunestyret.

 

PS  19/35  Søknad om nytt skjenkeløyve – Kaffebaren Ulsteinvik AS 

Tarjei Wingsternes har overteke tidlegare medeigar, Linn Wingsternes, sin eigardel på 60 % i Kaffebaren Ulsteinvik AS (Org. nr. 988210102). Dette er ei overdraging som i medhald av alkohollova § 1-10 krev nytt skjenkeløyve. Kaffebaren ønsker å få skjenke alkoholhaldig drikke gruppe 1, 2 og 3. Rådmannen tilrår at søknaden delvis vert imøtekomen.

 

PS  19/36  Søknad omutviding av skjenkeløyvet og utvida skjenketid – Quality Hotel Ulstein 

Quality Hotel Ulstein søker om å få utvida skjenkeløyvet til å skjenke alkoholhaldig drikk gruppe 3 på utandørs skjenkeareal. Vidare søker hotellet om å få lik skjenketid heile veka, det vil seie fram til kl. 02.00 for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3. Søknaden om utvida skjenketid omfattar både innan- og utandørs skjenkeareal. Rådmannen tilrår at søknaden vert avslått.

 

Gnr. 8, bnr. 152. Klage på vedtak om parkeringskrav, Ulsteinvik Bibelsenter (ettersendt sak) 

Ulsteinvik Bibelsenter fekk 19.04.2018 dispensasjon for bruksendring av 2. etg. i Bjørndalvegen 11 for etablering av nye forsamlingslokale. Den 07.02.2019 ga også teknisk utval dispensasjon for krav om etablering av 13 p-plassar som følgje av bruksendringa. Det vart kravd frikjøp av 7 p-plassar. Den nye eigaren av bygget UBS Eigedom AS har påklaga vedtaket, og vil at kommunen skal gje dispensasjon for alle 13 p-plassane, som omsøkt. Kommunalsjef teknisk tilrår å avslå klaga. 

 

Meldingssaker

 

RS 19/5  Beslutninger fra Politidirektoratet om endringer i lokal struktur for Møre og Romsdal politidistrikt 

RS 19/6  Årsmelding 2018 – Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne 

RS 19/7  Årsmelding og rekneskap for Søre Sunnmøre IKT 

RS 19/8  Ungdommens miljøkrav til kommunane i Møre og Romsdal 

RS 19/9  Kontrollrapport 2018 

RS 19/10  Protokoll frå kontrollutvalsmøtet 05.03.2019 

RS 19/11  Klage på vedtak i Ulstein kommunestyre: Forstudie reiselivsplan, vidare oppfølging

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Saksdokumenta til møtet

Ettersende saksdokument

Kontaktinformasjon til medlemmene i kommunestyret