På saklista til kommunestyret 21. februar 2019

Klikk for stort bilete Pexels Ålesund eller Volda – kva for ein tingrett bør Ulstein høyre til? Formannskapet gjekk inn for å skifte frå Ålesund til Volda. 21. februar skal kommunestyret ta stilling til saka. 

 

 

Politiske saker 

 

Årsmelding for 2018 frå kontrollutvalet (sak PS 19/16) 

Årsmeldinga gjer greie for arbeidet i kontrollutvalet i 2018.

 

Fornying av skjenkeløyve – Naboen Restaurant Ulsteinvik as (sak PS 19/17) 

Kommunestyret vedtok 24. mai 2018 å gje skjenkeløyve til Naboen Restaurant Ulsteinvik as, med gyldigheit fram til 30. september 2019. Naboen Restaurant Ulsteinvik har søkt om fornying/ forlenging av løyvet. Rådmannen tilrår at gjeldande skjenkeløyve vert fornya med verknad til 30. september 2020. 

 

Søknad om nytt salsløyve som følgje av fusjon – Coop Nordvest SA Avd. 443 Coop Mega Ulsteinvik (sak PS 19/18) 

Som følgje av at Coop Nordvest SA Avd. 443 Coop Mega Ulsteinvik sitt tidlegare eigarselskap Coop Vest AS har fusjonert med Coop Orkla Møre SA, er det søkt om endra/ ny salsbevilling. Det nye eigarselskapet heiter no Coop Nordvest SA. Rådmannen tilrår at det vert gjeve ny salsbevilling for alkoholhaldig drikk gruppe 1. 

 

Omstillingsprosjekt 2019 – vidareføring av tiltak (sak PS 19/19) 

Det er starta opp eit arbeid med omstilling / innsparing med bistand frå Agenda Kaupang AS. Arbeidsgruppene i prosjektet har utarbeidd tiltaksliste som er gjennomgått av referansegruppa. I denne saka ligg det forslag til vidare arbeid med saka. 

 

Leve heile livet i Ulstein (sak PS 19/20) 

I 2018 har ei arbeidsgruppe arbeidd med lokal oppfølging av reforma «Leve hele livet, en kvalitetsreform for eldre». Arbeidsgruppa har vurdert målsettingane og tiltaka som stortingsmeldinga inneheld, og kjem med anbefalingar innanfor fem innsatsområder som kan auke livskvaliteten for eldre i Ulstein. Anbefalingane vert lagt fram for kommunestyret, og
skal deretter nyttast som grunnlag for administrasjonen sitt arbeid med å fremje ei eiga sak om organisering av eldreomsorga i Ulstein. 

 

Forstudie reiselivsplan – vidare oppfølging (sak PS 19/21) 

I økonomiplanen for 2019 til 2022 vart det vedtatt eit verbalpunkt der kommunestyret ber om at det vert tatt eit initiativ til å lage ein felles reiselivsplan for fleira av kommunane på Søre Sunnmøre. I denne saka vert det lagt eit grunnlag for eit vidare samarbeid. Rådmannen er positiv til eit utvida samarbeid med andre kommunar innafor dette feltet. 

 

Finansiering av utbygging i Saunesmarka – kanalisering av elv og overvasshandtering (sak PS 19/22) 

Verksemdene Storehølen AS og Sentrum Bil Ulsteinvik AS i Saunesmarka industriområde ønskjer å kjøpe meir areal. For begge må det gjerast tiltak for å kunne tilby auka tomtestorleik. Sauneselva må kanaliserast i om lag 110 m lengde i samsvar med reguleringsplanen, og overvassleidning og –grøft må forlengast. Administrasjonen reknar med at tomesalsinntektene dekker meir enn kostnadene med dei fysiske tiltaka og rår difor til gjennomføring og finansiering ved hjelp av salsinntektene.

 

Endring av rettskrins for Ulstein kommune frå Sunnmøre tingrett til Søre Sunnmøre tingrett (Volda) (sak PS 19/23) 

I møte 11. september 2018 ba Ulstein formannskap rådmannen om å greie ut spørsmålet om Ulstein kommune bør endre rettskrins slik at Søre Sunnmøre tingrett (Volda) vert rettsstad. Rådmannen tilrår at Ulstein kommune søker om å få endra rettskrins. 

 

Kjøp av Sjøgata 19 (sak PS 19/24) 

UEKF har fått tilbod om å kjøpe Dragsund Eigedom AS. 

 

Godkjenning av sluttfinansiering Reiten ombygging (sak PS 19/25) 

Ombygginga på Reiten er tilnærma ferdig. Kostnaden med flytting av Snoezelen er 450 000 kroner. UEKF ber om tilleggsløyving frå kommunen sitt kapitalfond på 250 000 kroner. 

 

 

Meldingssaker

 

Referat frå styringsgruppa 15.11.2018

Møteprotokoll kontrollutvalet 23.01.2019

Referat frå møte i Ungdomsrådet 11. februar

Dexa-scanner Volda sjukehus – osteoporosemåling – gåve 

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Saksdokumenta til møtet

Kontaktinformasjon til medlemmene i kommunestyret