På saklista til kommunestyret 20. september 2018

Saunes og Ulsteinvik - Klikk for stort bilete Per Eide Representantar frå næringslivet har ei tid arbeidd med å etablere Ulstein næringsforum. Kommunestyret skal ta stilling til eit kommunalt bidrag til forumet.

Først i kommunestyremøtet er det spørjetime og open talarstol.

 

Politiske saker

 

Kommunalt bidrag til tv-aksjonen 2018 (sak PS 18/62)

Ulstein kommune brukar å støtte tv-aksjonen med 35 000 kroner. Ordføraren tilrår at kommunen gjer det same i år. Årets tv-aksjon er til inntekt for Kirkens Bymisjons arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. 

 

Samarbeid om skatteinnkrevjing mellom kommunane Herøy, Ulstein og Vanylven – godkjenning av vertskommuneavtale (sak PS 18/63)

Det vert etablert eit samarbeid om skatteinnkrevjing mellom kommunane Vanylven, Herøy og Ulstein. Herøy er vertskommune for samarbeidet. Saka gjeld godkjenning av utkast til vertskommuneavtale om felles skatteoppkrevjar.

 

Detaljregulering for Ulstein verft AS – handsaming etter offentleg ettersyn (sak PS 18/64)

Saka gjeld privat framlegg til detaljreguleringsplan for Ulstein verft AS. Detaljreguleringa omfattar regulering av industriområde for høghall og andre produksjonshallar, kai og hamneområde i sjø, og turdrag til Boholmen. Planen har vore ute på offentleg ettersyn og er no klar for slutthandsaming. Administrasjonen tilrår at planen vert vedteken. 

 

Snoezelen som spesialpedagogisk metode – endring i tilbodet (sak PS 18/65)

Kommunen har i dag Snoezelen-tilbod ved to lokasjonar. Ved Ulstein kompetansesenter leverer ein snoezelen-trening i spesialpedagogisk samanheng. I nybygde lokale i Holsekerdalen 24 er det etablert snoezelen-avdeling knytt til aktivitet/terapi/trening organisert under omsorgsetaten. Ei samordning av snoezelen-tilbodet i lokala i Holsekerdalen 24 er slik rådmannen ser det både rasjonelt og fagleg tenleg.

 

Etablering av Ulstein næringsforum, kommunalt tilskot (sak PS 18/66)

Representantar frå næringslivet i kommunen har ei tid arbeidd med etablering av Ulstein næringsforum. Målsetnaden er å arbeide for vekstkraft og konkurransekraft i næringslivet og å bidra til å vidareutvikle eit attraktivt lokalsamfunn. Kommunen ønskjer initiativet velkommen, spesielt i ei tid der målretta nærings- og samfunnsutvikling må ha særleg fokus. Det vert tilrådd å yte årlege tilskot for å sikre drift og utvikling av næringsforumet. 

 

 

Meldingssaker

 

  • SSR – Ferdigsignert protokoll frå møtet i representantskapet 25/5-2018 (sak RS 18/26)
  • ***** ***** ***** Svar på søknad om permisjon frå kommunale verv (sak DS 18/1 – unnateke offentleg innsyn)

 

 

Orienteringar

 

  • CityPlanner – kartverktøy for innbyggardialog
  • Verksemda i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

 

Saksdokumenta til møtet

Kontaktinformasjon til medlemmene i kommunestyret