På saklista til kommunestyret 19. desember 2019

Klikk for stort bileteUlsteinvik barneskule (nærmast) og Ulstein ungdomsskule. Det nye bygget til barneskulen er planlagt om lag der det raude bygget mellom skulane står i dag. Berge Myrene Kor mykje pengar skal kunne brukast på å bygge ut Ulsteinvik barneskule? Det skal kommunestyret avgjere 19. desember.

  
Formannskapet tilrår ei kostnadsramme på 75 millionar kroner eksklusiv mva. Ramma skal dekke nybygg, uteareal, inventar og ombygging av eksisterande areal. Innanfor ramma skal det også leggast til rette for at nybygget til barneskulen kan få ein ekstra etasje i framtida, tilrår formannskapet. 

 

Saker og kontaktinformasjon 

Her er saksdokumenta til møtet og kontaktinformasjonen til dei som sit i kommunestyret

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i møtet. 

 

Sluttbehandling – Detaljregulering for nedre Sundgotlegane (sak PS 136/19) 

Detaljregulering for nedre Sundgotlegene har vore ute på høyring og det har kome inn åtte innspel og ei motsegn til planforslaget. Dei omhandlar m.a. tilkomstvegen til planområdet, barn og unge i ROS-analysen, avkøyrsle til og kryssing av internt trafikkareal til uteopphaldsareal for byggeområde med konsentrert småhusbebyggelse. Planen skal no slutthandsamast.

 

Vest kontroll – organisering etter ny kommunelov (sak PS 137/19) 

Sak er knytt til ny organisering av Vest kontroll etter ny kommunelov. Der er nokre endingar med omsyn til deltakarar i samarbeidet på grunn av kommunesamanslåing.

 

Busetting av flyktningar 2020 (sak PS 138/19) 

Saka gjeld busetting av flyktningar i Ulstein kommune i 2020. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda Ulstein om å busette 15 flyktningar i 2020. Saksutgreiinga gjev også ein statusrapport for busettings-, inkluderings- og kvalifiseringsarbeid i kommunen generelt. 

 

Satser for gravferdsforvaltning – justering (sak PS 139/19) 

Ulstein kyrkjelege fellesråd har hatt oppe satsar for gravferdsforvaltning og ber Ulstein kommunestyre vedta nokre endringar. 

 

Forskrift om gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova og matrikkellova (sak PS 140/19)

Reviderte forskrifter med fastsetting av gebyrsatsar for 2020 for arbeid etter plan- og bygningslova og matrikkellova. 
 

Gebyr for fyringsanlegg 2020 (sak PS 141/19) 

Saka gjeld justering av gebyr for fyringsanlegg, tidlegare kalla feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Notatet frå Momentum legg opp til ein auke på 13 %. Gebyr for fyringsanlegg har kome til med eigen gebyrsats med nivå om lag 1,5 gongar gebyr for bustadhus. Det er også etablert ein eigen sats for plombering av eldstad. 
 

Gebyr og investering VA 2019 (sak PS 142/19) 

Kommunestyret skal kvart år take stilling og bestemme den årlege auken i kommunale årsgebyr for vatn og avløp.
 

Gebyrregulativ renovasjon 2020 (sak PS 143/19) 

Gebyrregulativ for renovasjonstenestene skal handsamast av kommunestyret kvart år. Det er lagt opp til ei auke på 5% i frå 2019 til 2020.

 

Disponering av salgsinntekter i høve SSIKT sitt utkjøp av investeringar for perioden 2014-2018 (sak PS 144/19) 

Ulstein kommunestyre vedtok i november 2018 at ansvaret for lån knytt til SSIKT sine investeringar vart flytta frå kommunane til SSIKT. Det vart og vedteke at SSIKT skulle kjøpe ut deltakarkommunane sine investeringar for perioden 2012-2018. Salssummen er no klar, og saka gjeld disponering av denne inntekta.

 

UEKF økonomiplan 2020–2023, og budsjett 2020 (sak PS 145/19) 

Ulstein Eigedomsselskap KF legg fram økonomiplan for 2020 til 2022, og budsjett for året 2020. Økonomiplanen for år 2020 – 2023 vert lagt fram med eit overskot på netto driftsresultat for 2020 og 2021. I 2022 og 2023 er det budsjettert med drift-underskot på til saman omlag 613.000 kroner.

 

Økonomiplan 2020–2023 (sak PS 146/19) 

Økonomiplan 2020 til 2023 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 3. desember ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 19. desember.

Sjå meir informasjon om denne saka, som ligg ute til høyring med høyringsfrist 19. desember kl. 16

 

Eigedomsskattevedtak i Ulstein for skatteåret 2020 (sak PS 147/19) 

Saka gjeld nivå og innretning på eigedomsskatten i 2020. Etter innspel frå politisk hald vert ein reduksjon i eigedomsskattesatsen vurdert opp mot auka botnfrådrag. 

 

Utbygging Ulsteinvik barneskule (sak PS 148/19) 

Kommunestyret gjorde i sak om Budsjett og økonomiplan 2018-2021 vedtak om utbygging av Ulsteinvik barneskule med ei kostnadsramme på kr 35 mill årleg i 2020 og 2021. Midlar til forprosjekt vart løyvd i budsjett for 2017. Ei prosjektgruppe har vore i arbeid, og det vert no lagt fram utarbeidd skisse og kalkyle for prosjektet. 

 

Reforhandling av bruksavtale Høddvoll stadion (sak PS 149/19) 

Ulstein kommune bygde i 2015 nye Høddvoll Stadion til ein kostnad på 53 mill kr. Det vart så utarbeidd ein bruksavtale mellom Ulstein Kommune og IL Hødd Fotball, som regulerte bruk, ansvar og kostnadar knytt til det nye anlegget. IL Hødd fotball søkjer Ulstein kommune om re-forhandling av avtalen i høve kjøp av reklamerettar på stadion, som ein følgje av endra sponsormarknad i tillegg til bortfall av støtte frå norsk toppfotball etter nedrykket til 2. divisjon. 

 

Unnateke offentleg innsyn: Erstatningssøksmål mot Ulstein kommune – status og avklåring av mandat (sak PS 150/19) 

 

 

Referatsak: Rapport etter befaring av Ulstein kyrkje februar 2019