På saklista til kommunestyret 13. februar 2020

Klikk for stort bileteDette er dei tre utgreidde alternativa til plassering av den nye barnehagen. Norkart AS/Geovekst og Ulstein kommune Kor skal den nye barnehagen i Hasund krins byggast? Det er ei av sakene kommunestyret skal avgjere 13. februar. Her ser du alle sakene i møtet. 
 

Tre alternative tomteval er greidde ut: 

  1. ny barnehage i Gjerdsbakkane ved Hasundgot stadion 

  2. tilbygg til Sundgotmarka barnehage 

  3. ny barnehage ved Straumane vis-à-vis Hasund skule 

 

Slik er gangen i saka: 

  • Administrasjonen tilrådde alternativ 2 (tilbygg til Sundgotmarka barnehage). 

  • Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne gjekk inn for alternativ 1 (ny barnehage i Gjerdsbakkane ved Hasundgot stadion). 

  • Levekårsutvalet gjekk inn for alternativ 2 (tilbygg til Sundgotmarka barnehage). 

  • Formannskapet tilrådde alternativ 2 (tilbygg til Sundgotmarka barnehage). 

  • Kommunestyret har siste ord i saka. 


Her finn du saksdokumenta om den nye barnehagen

 

Alle sakene og kontaktinformasjon 


Her er alle saksdokumenta til kommunestyremøtet og kontaktinformasjonen til dei som sit i kommunestyret

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i møtet. 

 

Orienteringssak: Søre Sunnmøre Reinhaldsverk: mål og strategiplan

 

Utsatt frist for tilbakebetaling av aksjonærlån til Høddvoll Stadion AS (sak PS 05/20)

Det langsiktige eigarskapet og drifta av Høddvoll Stadion AS er pr. dags dato uavklart. Selskapet søker difor om at fristen for tilbakebetaling av aksjonærlånet på 500.339 vert utsett til 31.12.2021. Kommunedirektøren tilrår at søknaden vert innvilga.

 

Muleg kjøp av Bjørndals Minne (sak PS 06/20)

Ulstein kommunestyre handsama våren 2019 sak om muleg kjøp av Bjørndals Minne, der det i vedtaket heiter at administrasjonen skal ta kontakt med stiftinga for å avklare om det er muleg å nedjustere økonomisk profil. Stiftinga melder at dei ikkje ønskjer å selje under oppgitt takst, og søkjer no om tilskot til drift/vedlikehald i staden.

 

Ny kommunal barnehage – val av tomt (sak PS 07/20)

Investeringsmidlar til ny kommunal barnehage ligg inne i vedteken økonomiplan for perioden 2019-2022 med 18,5 MNOK eks. moms i 2022, og kr 0,5 MNOK til forprosjekt i 2020. I arealdelen av gjeldande kommuneplan er det lagt inn fire mulege areal til ny barnehage, og for å kome vidare med planlegging av ny barnehage, må tomteval avklarast. Administrasjonen rår til at kommunestyret vel løysinga med utviding av Sundgotmarka barnehage.

 

Alkoholpolitisk handlingsplan 2020–2024 (sak PS 08/20)

Gjeldande alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2020, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2020. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan. Utkastet inneheld hovudmåla for Ulstein kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol. Planen har vore på høyring til berørde aktørar i Ulstein kommune. 

 

Søknad om utviding av utandørs skjenkeareal – Quality Hotel Ulstein (sak PS 09/20)

Quality Hotel Ulstein skal forlengje eksisterande uterestaurant mot sør, og søkjer den 5. november 2019 om å få utvida gjeldande skjenkeløyve til å omfatte også det utvida arealet. Søknaden gjeld for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2. Kommunedirektøren tilrår at søknaden vert imøtekomen på nærare vilkår. 

 

Tilpassing til budsjettramme for 2020 til 2023 (sak PS 10/20)

I økonomiplanen for 2020 til 2023 ligg det inne ei ramme for reduksjon som ikkje er spesifisert i tiltak. For 2020 er denne på kr 5 362 500. Saka viser forslag til inndekning av dette og korleis dette slår ut dei siste tre åra i økonomiplanperioden.

 

Strategi for val av entrepriseform tilbygg Ulsteinvik barneskule (sak PS 11/20)

UEKF har fått i oppdrag å bygge nytt tilbygg til Ulsteinvik barneskule. Styret vurderer type av kontrakt, og kva som må gjerast for at heile prosjektet kan gjennomførast innafor vedteken ramme på 75 mill kroner.

 

Firemannsbustad i Ringen, revidert byggekostnad (sak PS 12/20)

Ulstein Eigedomsselskap har hatt ute på anbod bygging av ein bustad i Ringen med 4 husvære. Tilboda vart dyrare enn budsjettert. UEKF ber om godkjenning på auka kostnadsramme.

 

Ulstein Arena, nye tiltak og finansiering med ledige midlar (sak PS 13/20)

Ulstein Eigedomsselskap foreslår å montere gjenvinning av vatn frå bassenga i Ulstein Arena. Vidare blir det foreslått å auke ramma for finansiering av tiltak for å få status som «opplevingssenter». Prosjektet har ledige finansieringsmidlar. Kr 2.175.030 blir foreslått å bruke til ekstra nedbetaling av gjeld.

 

Interkommunalt samarbeid om geodatatenester (kart og oppmåling) (sak PS 14/20)

Etter initiativ frå Volda og Herøy kommunar har det sidan våren/sommaren 2019 vore halde drøftingar på kommunalsjefs- og rådmannsnivå om tettare samarbeid om tenestene innanfor geodata (kart og oppmåling). Dette har resultert i framlegg til vertskommunesamarbeid med Ulstein kommune som vert, Voda, Herøy og Hareid som samarbeidskommunar.

 

Slutthandsaming – Detaljregulering for Ulstein kyrkje (sak PS 15/20)

Detaljregulering for Ulstein kyrkje har vore ute til offentleg ettersyn. Det har kome inn seks merknader som har vorte vurdert. Teknisk utval utsette slutthandsaminga i møte 17.10.2019 og bad om at tiltakshavar tok ei ny vurdering av moglegheita for integrering av solenergi. Planframlegget skal no slutthandsamast.

 

Val av medlemmer til ulike organ (sak PS 16/20) 

Ulstein kommunestyre skal velje representantar og vararepresentantar til ulike organ etter tilråding frå valutvalet. 

 

Årsmelding for 2019 frå kontrollutvalet (sak PS 17/20) 

Kontrollutvalet har levert årsmelding for 2019. Meldinga skal behandlast i kommunestyret som ei politisk sak. 

 

Referatsak: Lokale retningsliner for utmåling av kommunalt tilskot til private barnehagar

 

Referatsak: Årsrapport – Mobbeombodet i Møre og Romsdal

 

Referatsak: SSR – Ferdigsignert protokoll frå møtet i representantskapet 

 

Referatsak: Saksopplysning – alkoholpolitisk handlingsplan 

 

Referatsak: Protokoll frå kontrollutvalsmøtet 06.02 2020 

 

Referatsak: Forventningsbrev 2020 til kommunane i Møre og Romsdal