På saklista til formannskapet 21. november 2019

Klikk for stort bileteSkjermbilde frå 3D-kartet CityplannerBør ein tursti til Hasundhornet vere 1–1,5 m brei (med grusdekke) i staden for 0,5 meter brei (laga av klopper i tre eller stein)?

  

Det skal formannskapet ta stilling til i møtet 21. november. Så går saka vidare til kommunestyret. 

 

Saker og kontaktinformasjon 

Her er saksdokumenta til formannskapsmøtet og kontaktinformasjonen til dei som sit i formannskapet

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i møtet.

 

Mindre endring – Kommuneplanens arealdel 2019-2031 (sak PS 125/19) 

Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne har oppmoda om at tursti til Hasundhornet vert bygd etter kategori B (1–1,5 m brei med grusdekke) . Formannskapet har fått eit oversendingsframlegg frå kommunestyret om dette. Kommunedirektøren tilrår ei mindre endring av arealdelen i kommuneplanen, der tursti Fjellsvegen–Hasundhornet vert endra frå kategori C3 (0,5 meter brei, av klopper i tre eller stein) til B3. 


Reforhandling av bruksavtale Høddvoll stadion (sak PS 126/19) 

Ulstein kommune bygde i 2015 nye Høddvoll Stadion til ein kostnad på 53 millionar kroner. Det vart så utarbeidd ein bruksavtale mellom kommunen og IL Hødd fotball, som regulerte bruk, ansvar og kostnadar knytt til det nye anlegget. IL Hødd fotball søkjer Ulstein kommune om reforhandling av avtalen i høve kjøp av reklamerettar på stadion. Søknaden kjem som ein følgje av endra sponsormarknad i tillegg til bortfall av støtte frå norsk toppfotball etter nedrykket til 2. divisjon. Kommunedirektøren tilrår at ein ikkje kan prioritere å reforhandle bruksavtalen med dei økonomiske rammene som ligg i økonomiplanen for 2020–2023. 


Utbygging Ulsteinvik barneskule (sak PS 127/19) 

Kommunestyret gjorde i sak om budsjett og økonomiplan 2018–2021 vedtak om utbygging av Ulsteinvik barneskule med ei kostnadsramme på 35 millionar kr årleg i 2020 og 2021. Midlar til forprosjekt vart løyvde i budsjett for 2017. Ei prosjektgruppe har vore i arbeid, og det vert no lagt fram utarbeidd skisse og kalkyle for prosjektet. 


Økonomiplan 2020–2023 (sak PS 128/19) 

Økonomiplan 2020 til 2023 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 3. desember ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 19. desember.