På saklista til formannskapet 19. oktober 2021

Kva meiner du? - Skal Ulstein kommune inngå avropsavtale for innføring og drift av Helseplattformen, eller er det meir aktuelt for Ulstein å følgje Hareid sitt vedtak om å utsetje Helseplattformen til staten tek rekninga?

Helseplattformen er ei av sakene formannskapet skal avgjere 19. oktober. Her ser du ei samandrag av alle sakene i møtet. 

 

Saksdokument og kontaktopplysningar

Her er alle saksdokumenta til formannskapet 19.10.221 og kontaktinformasjonen til dei som sit i formannskapet.

 

Slik kan du påverke

Det fins mange ulike måtar du kan påverke lokalpolitikken på mellom kommunestyrevala.

Her får du fleire tips til korleis du kan påverke.

 

Nedanfor ser du eit samandrag av sakene som skal behandlast i formannskapsmøtet tysdag 19. oktober.

 

Orienteringar:

Prosjektrapportering frå UEKF (sak OS 08/21)

 

Politiske saker / vedtaksaker:

 

Tertialrapport 2. tertial 2021 ( sak PS 119/21)

Tertialrapporten gir status på tenesteproduksjon, økonomi og sjukefråvær for perioden januar-august 2021. Rapporten vert lagt fram for faste utval, formannskapet og kommunestyret og baserer seg på tilbakemeldingar frå einingsleiarane i Evry månadsrapportering. Rapporten viser meirforbruk på fleire område, men betydelege meirskatteinntekter kan sørge for at rekneskapen balanserer totalt sett.

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.


Behovsutgreiing for etablering av nye heildøgnsbemanna omsorgsbustadar
(sak PS 120/119)

Ulstein Kommunestyre har i sak 61/21 pkt 2 gjort vedtak på at det skulle «avklarast behov for investering i omsorgsbustadar». Administrasjonen i kommunen har saman med UEKF utarbeida ei utgreiing omkring behovet for nye omsorgsbustadar og legg fram utgreiinga som grunnlag til behandling av vidare investerings- og økonomiplan.

Utgreiinga peikar på desse tre aktuelle områda for etablering av nye heildøgnsbemanna omsorgsbustadar:

  1. området ned mot den gamle helsestasjonen
  2. Ulshaug
  3. Holsekerdalen

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.

 

Utgreiing av Leige før eige - "Gjøvikmodellen" i Ulstein kommune (sak PS 121/21)

Ulstein kommunestyre har i sak 42/21 – «Bustadpolitisk handlingsplan – Godkjenning», bedt administrasjonen legge fram ei eiga sak som fastset nærare vilkår for korleis ei slik ordning kan innrettast. UEKF har saman med kommuneadministrasjonen utarbeida ei utgreiing omkring «Gjøvikmodellen» og vurderingar om denne kan passe inn i Ulstein Kommune. 

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.


Tertialrapport for UEKF 2. tertial 2021 (sak PS 122/21)

UEKF legg fram statusrapport for 2.tertial 2021. Tertialrapporten gir status på økonomi og sjukefråvær for perioden januar – august 2021. Statusrapporten viser eit positivt avvik ifht budsjett pr 31.08.2021 på kr 392.679,-.  

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.


Helseplattformen AS (sak PS 123/21)

Ulstein kommune signerte den 23.05.2017 ein opsjonsavtale med Helseplattformen, i likskap med alle andre kommunar i Midt-Noreg. Kommunedirektøren rår til at opsjon på Helseplattformen vert løyst ut for Ulstein kommune. Helseplattformen er ein del av vårt nasjonale målbilete og vurderast som ein viktig byggekloss for ei robust vidareutvikling av helsetenesta både i kommuneorganisasjonen og for innbyggarane. Helseplattformen er eit prosjekt med stort potensiale, men der er og betydelege utfordringar i å hente ut gevinstar frå prosjektet. 

Kommunedirektøren rår til at Ulstein kommune inngår avropsavtale med Helseplattformen AS, og at administrasjonen innarbeider dei estimerte kjende kostnadane for innføring og drift i økonomiplanperioden 2022-2025.

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.

 

Eigarmelding SSR 2020 (sak PS 124/21)

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk si eigarmelding vert lagt fram for kommunestyret til handsaming i samsvar med gjeldande eigarstrategi punkt 5.1.

Administrasjonen viser til at eigarmeldinga systematisk oppsummerer sentrale forhold for drift og utvikling av selskapet i året som var. Det vert også sett litt på utfordrignar i tida som kjem. 

Sett frå administrasjonen si side er det viktig å få klarlagt løysing og økonomisk løyving for sikring av den gamle fyllinga i Fløstranda. Dette vil det kome ei eiga sak om til politisk handsaming, og ev. må det løyvast midlar i budsjettet for 2021.

Ei anna problemstilling som burde vore drøfta med selskapet er kva mandat SSR kan få i høve villfyllingar av avfall som dukkar opp anten gamle eller ferske saker. Ein er kjent med at SSR ikkje kan nytte sjølvkostmidlar til dette, men bør sjå på om der kan finnast andre midlar til denne bruk, jf. at dette i Ulstein kommune diverre har vist seg å vere ei utfordring der det i kommunens ordinære budsjett ikkje finst midlar til dette.

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.



Fløstranda avfallsdeponi - sikring og oppfølging (sak PS 125/21)

Det er behov for sikring av avfallsdeponiet i Fløstranda då der er opningar i plastringa mot sjøen, og avfall kan kome på avvegar. Både SSR og kommunen ønskjer å inngå ein avtale for å avklare kostnadsdeling og vidare ansvar for drifta av deponiet.

Kommunedirektøren tilrår å godkjenne avtaleframlegg som er administrativt framforhandla.

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.

 

Reglement for godtgjersle for Ulstein kommune sine medlemmer i representantskapet for Vest Kontroll (sak PS 126/21)

Representantskapet i Vest Kontroll oppmodar alle samarbeidande kommunar for Vest Kontroll kommunale oppgåvefellesskap, om å utarbeide reglement for godtgjersle til representantskapet sine medlemmer, der ein også tek omsyn til leiar- og nestleiarvervet. Reglementet bør også innehalde godtgjersle til representantskapet si valnemnd.

Kapittel 3 i Ulstein sitt politiske reglement innheld føresegner om dei folkevalde sine arbeidsvilkår. Rammevilkåra for det politiske arbeidet skal vere slik at dei folkevalde kan fylle rollene dei har i lokaldemokratiet på ein god måte. Både økonomiske ordningar, opplæring og praktisk tilrettelegging trengst for å gjere det meiningsfullt å vere folkevald. Kommunelova § 8-4 inneheld føresegn om arbeidsgodtgjersle.

Saka skal til vidare handsaming i kommunestyret. Formannskapet sitt vedtak blir ei tilråding til kommunestyret.

 

Fritak eigedomsskatt (sak PS 127/21)

Denne saka er unnateke offentleg innsyn, jf. Off. § 13 1. ledd, jf. Fvl. § 13 1. ledd nr. 1.

 

Søknad om redusert pris for industritomt, gnr 25, bnr 403 (sak PS 128/21)

Storehølen AS har desember 2017 fått tildelt industritomt med gnr. 25, bnr. 403 og søker om redusert pris for delar av tomtearealet, omfatta av regulert omsynssone for høgspentanlegg.

Kommunedirektøren tilrår at tomta blir seld med tomteprisen for år 2020, og utan redusert pris for delar av tomtearealet.

Saksdokumenta vart ettersendt i tilleggsinnkalling 14.10.2021.



Finansrapport 2. tertial 2021 (sak PS 129/21)

Finansrapporten vert utarbeidd i samband med tertialrapporteringa, og lagt fram for formannskapet og kommunestyret. Avkastninga knytt til aktiv forvaltning av langsiktig likviditet har vore god i 2021, og utgjer i underkant av 2,9 mill. kroner ved utgangen av august. Per 31. august utgjer samla lånegjeld for Ulstein kommune og UEKF 1,647 milliardar kroner.

Saksdokumenta vart ettersendt i tilleggsinnkalling 14.10.2021.

 

Ny kyrkjeleg organisering (sak PS 130/21)

Den Norske Kyrkja har invitert til ei brei høyring om kyrkjeleg organisering, basert på Müller-Nilssen-utvalet si utgreiing. Alle kommunane i Noreg er inviterte til å svare på spørsmål i høyringa.
Frist er sett til 15. oktober 2021. 

Saksdokumenta vart ettersendt i tilleggsinnkalling 14.10.2021.

 

Remote - etablering av kontorfellesskap for fjernarbeid (sak PS 131/21)

Ulstein kommune vart av NHO kåra til Noregs 19. mest attraktive næringskommune og ein førsteplass i Møre og Romsdal. Ulstein kommune har mange kompetansearbeidsplassar og det finst mange teknologibedrifter her. Vi har førebels ein ung busetnad med stor andel tilflyttarar og høgare utdanning enn snittet i fylket.

Under pandemien har det vore ein større flyttestraum ut av dei største byane enn tidlegare. Om det er midlertidig eller eit varig resultat, gjenstår å sjå. Pandemien viste oss også at det er mogleg med nye arbeidformer ved hjelp av teknologi. 

Desse to punkta burde ført til at også Ulstein hadde hatt ein auka tilstrøyming av innbyggjarar. Dagens flyttestatistikk viser ingen slike tendensar. Korleis kan vi endre det?

Remote er eit konsept som skal hjelpe kommunar med å tilrettelegge for fjernarbeid med mål å auke tilflyttinga til kommunen. Ulstein burde ha gode føresetnadar for at ein slik satsing kan lukkast. 

Saksdokumenta vart ettersendt i tilleggsinnkalling 14.10.2021.

 

Retningslinjer for kommunal kompensasjonsordning 2021 - del 3 (sak PS 132/21)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyva ytterlegare 750 millionar til kommuane for å hjelpe lokale verksemder som er hardt råka av pandemien. Ulstein kommune har fått 1.335.000 av desse midlane. Midlane er fordelt etter tal på tilsette i servering, overnatting, handel og anna reiseliv i sommarhalvåret. Kommunen har stor fridom til korleis desse midlane best kan avhjelpe lokale verksemder. 

Saksdokumenta vart ettersendt i tilleggsinnkalling 14.10.2021.

 

 

[Det vil kome ei  ettersending (nr. 2) av saksdokument i ei ny tilleggsinnkalling når desse dokumenta er klar].