På saklista til formannskapet 13. november

Tunnel - Klikk for stort bilete JFXie / Flickr Creative Commons Kor bør bomstasjonen for den komande tunnelen mellom Furene og Volda plasserast? Det skal formannskapet uttale seg om 13. november. 

 

Voldatunnelen på E39, finansiering, uttale frå Ulstein kommune (sak PS 18/104) 

Trafikken gjennom Volda sentrum er planlagt avlasta med ny tunnel frå Furene til området sør for Volda sjukehus, med påkopling til eksisterande vegnett i rundkøyringa ved Høgskulen i Volda. Finansieringa skal delvis vere med bompengar. Administrasjonen tilrår at bomsnittet blir på armen i rundkøyringa i Furene mot Volda og i arm mot ny tunnel. 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/105) 

Økonomiplan for 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember. 

Rekruttering av rådmann – val av leverandør og vidare saksgang (ettersendt) 

Rådmannen i Ulstein kommune har sagt opp stillinga si med verknad frå og med 1. februar 2019. Formannskapet skal no lage ein plan for rekruttering av ny rådmann og ta stilling til ekstern bistand ved rekruttering. Det er innhenta tilbod frå tre leverandørar av rekrutteringstenester. 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon 

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du saksframlegget til den ettersende saka.

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i formannskapet