På saklista til formannskapet 12. februar 2019

Flyfoto over Flø i Ulstein kommune - Klikk for stort bilete Per Eide Eit strateginotat for ein komande reiselivsplan for kommunen og regionen skal behandlast av formannskapet 12. februar.
  

Politiske saker

 

Forslag til ny handlingsdel til klimaplanen, og ny tiltaksplan mot plast- og marin forureining (sak PS 19/25) 

Ei arbeidsgruppe, nedsett av planforum i november 2018, fekk i oppgåve å revidere handlingsdelen til klimaplanen for Ulstein kommune, samt å utarbeide eit forslag til ein tiltaksplan mot plast- og marin forureining. Arbeidsgruppa har oppdatert eksisterande handlingsplan med ny status pr. januar 2019, og utarbeidd eit forslag til ny handlingsplan for
2019–2022. I tillegg har gruppa utarbeidd forslag til tiltaksplan mot plast- og marin forureining jf. framdriftsplanen. Handlingsplanen og tiltaksplanen kan no leggast ut på høyring med sikte på kommunestyrevedtak i mars eller april.

 

Slutthandsaming – Kommuneplanens arealdel 2017-2029 (sak PS 19/26) 

Kommuneplanens arealdel 2019–2031 har vore ute til 2. gongs offentleg ettersyn og skal no
slutthandsamast.

 

Finansiering av utbygging i Saunesmarka – kanalisering av elv og overvasshandtering (PS 19/27) 

Verksemdene Storehølen AS og Sentrum Bil Ulsteinvik AS i Saunesmarka industriområde ønskjer å kjøpe meir areal. For begge må det gjerast tiltak for å kunne tilby auka tomtestorleik. Sauneselva må kanaliserast i om lag 110 m lengde i samsvar med reguleringsplanen, og overvassleidning og –grøft må forlengast. Administrasjonen reknar med at tomesalsinntektene dekker meir enn kostnadene med dei fysiske tiltaka og rår difor til gjennomføring og finansiering ved hjelp av salsinntektene.

 

Fordeling av budsjettrammer 2019 – folkevalde og sentraladministrasjonen (sak PS 19/28)

Dei overordna budsjettrammene som vart vedtekne i økonomiplansaka i kommunestyret den 13.12.2018, vert i denne saka ytterlegare spesifisert ned på dei forskjellige tenesteområda til dei folkevalde og sentraladministrasjonen. Budsjettendringar mellom dei ulike tenesteområda vil etter dette måtte godkjennast politisk av formannskapet.

 

Eigedomsskatt 2018 – Søknad om fritak ********** (sak PS 19/29) 

Unnateke offentleg innsyn: Offentleglova §13, Fvl. §13

 

Søknad om fritak for eigedomsskatt 2018 – ********** (sak PS 19/30) 

Unnateke offentleg innsyn: Offentleglova §13, Fvl. §13

 

Brygga Sportsbar AS – søknad om tilskot frå næringsfondet (sak PS 19/31)  

Etablering av Sportsbar i Ulsteinvik sentrum, vegg i vegg med Folk Spiseri. Etableringa skal gi eit unikt tilbod til alle som liker idrett, og som vil dele felles opplevingar gjennom ulike sportssendingar på storskjermar.

 

VV Maskin – søknad om støtte frå næringsfondet (sak PS 19/32) 

VV Maskin søkte i 2015 om støtte frå næringsfondet men fekk då avslag. Grunninga var at søknaden burde sendast direkte til lokalt Hoppid kontor. Om dette vart gjort sei ikkje Robert Voldnes noko om så ein må då gå ut i frå at det ikkje har vært gitt støtte til den etableringa. 

 

Innføring av AutoPass takstregulativ på ferjesamband – høyring (sak PS 19/33) 

Det skal innførast AutoPass ordning for betaling på ferjene. Endringa vil innebere at det ikkje vert teke betaling for bilpassasjerar, dvs. at takstane for bil må aukast for å oppretthalde inntektsnivået. Fylkeskommunen har sendt framlegget på høyring m.a. til kommunane.

 

Omstillingsprosjekt 2019 – vidareføring av tiltak (sak PS 19/34) 

Det er starta opp eit arbeid med omstilling / innsparing med bistand frå Agenda Kaupang AS. Arbeidsgruppene i prosjektet har utarbeidd tiltaksliste som er gjennomgått av referansegruppa. I denne saka ligg det forslag til vidare arbeid med saka. 

 

Endring av rettskrins for Ulstein kommune frå Sunnmøre tingrett til Søre Sunnmøre tingrett (Volda) (sak PS 19/35)  

I møte 11. september 2018 ba Ulstein formannskap rådmannen om å greie ut spørsmålet om Ulstein kommune bør endre rettskrins slik at Søre Sunnmøre tingrett (Volda) vert rettsstad. Rådmannen tilrår at Ulstein kommune søker om å få endra rettskrins. 

 

Forstudie reiselivsplan – vidare oppfølging (sak PS 19/36) 

I økonomiplanen for 2019 til 2022 vart det vedtatt eit verbalpunkt der kommunestyret ber om at det vert tatt eit initiativ til å lage ein felles reiselivsplan for fleira av kommunane på Søre Sunnmøre. I denne saka vert det lagt eit grunnlag for eit vidare samarbeid. Rådmannen er positiv til eit utvida samarbeid med andre kommunar innafor dette feltet. 

 

Justert bruksavtale nye Høddvoll stadion (sak PS 19/37) 

I samband med utbygginga av nye Høddvoll stadion vart det inngått ein bruksavtale mellom Ulstein kommune og Hødd fotball, om kjøp av tenester til drift og vedlikehald av stadionanlegget. Arbeidet har vore utført av Hødd fotball på ein god måte. Erfaringane etter fire års drift tilseier at dette beløpet må justerast/ aukast. 

 

Godkjenning av sluttfinansiering Reiten ombygging (sak PS 19/38) 

Ombygging Reiten er tilnærma ferdig. Kostnaden med flytting av Snoezelen kosta 450 000 kroner. UEKF ber om tilleggsløyving frå kommunen sitt kapitalfond på 250 000 kroner. 

 

Kjøp av Sjøgata 19 (sak PS 19/39) 

UEKF har fått tilbod om å kjøpe Dragsund Eigedom AS. Det må vurderast om dette skal tilrådast til Ulstein Kommunestyre.

 

Medlemskap i NCE iKuben og deltaking i forprosjekt om etablering av innovasjonslab i Ulstein (sak PS 19/40) 

Kommunen har ei tid hatt kontakt med NCE iKuben i Molde om verktøy for rask omstilling og innovasjon på tvers. Ein ser det som formålstenleg å søkje medlemsskap for tilgang til og bruk av dei nettverk, metodar og verktøy som dette miljøet har. Som ein del av dialogen er det også utarbeidd ein avtale om forprosjekt der NCE iKuben, kommunen, Ulstein vidaregåande, Høgskulen i Volda og Protomore kunnskapspark AS tek del. Formålet er å avklare mulegheit for etablering av ein innovasjonslab i kommunen. 

 

KS spør – Debatthefte 2019 (ettersendt sak) 

KS som er arbeidsgivarorganisasjonen til norske kommunar, orienterer og spør kommunane kva dei skal prioritere i tariffoppgjeret til våren. I tillegg løftar Debattheftet viktige utfordringar som har kome fram i analyser som er gjennomført av KS:

  • korleis sikre naudsynt kompetanse
  • korleis sikre lokalt tilpassa teneste og samstundes reduser uønskt variasjon
  • skal KS få og ta ei sterkare rolle i koordinering av digitalisering

 

 

Meldingssaker

Brev til formannskapet frå Ulshav (ettersendt sak) 

Dexa-scanner Volda sjukehus – osteoporosemåling – gåve (ettersendt sak) 

 

 

Saksdokument og kontaktinformasjon

Saksdokumenta til møtet

Saksdokumenta til dei ettersende sakene

Kontaktinformasjonen til medlemmene i formannskapet