På saklista til fellesrådet 14. november

Bugardsmyrane - Klikk for stort bilete Per Eide Administrasjonen i kommunen foreslår at Bugardsmyrane og Osnessanden bør bli statleg sikra friluftsområde. Fellesrådet skal behandla saka 14. november. 

  

Politiske saker

 

Statleg sikring av friluftsområde i Ulstein (sak PS 18/35) 

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha moglegheit til å utøve friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles, og at område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på. For å sikre viktige område for friluftsliv i framtida, samt vidare utvikle og legge til rette for friluftsaktivitetar her, ynskjer vi å søke midlar til statlig sikring av dei mykje brukte områda Osnessanden og Bugardsmyrane. 

Økonomiplan 2019–2022 (sak PS 18/36)

Økonomiplan for 2019 til 2022 omhandlar bruken av kommunale midlar til drift og investering. Arbeidet med økonomiplanen går gjennom politiske utval til formannskapet. Etter endeleg handsaming i formannskapet den 27. november ligg saka ute til uttale i to veker. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret den 13. desember.

 

Meldingssaker 

  • Nedbemanning i Ulstein – uttale frå Marita Siv Pedersen (sak RS 18/10)
  • Melding om vedtak – Ny behandling av sak om handheving og skilting av parkeringsplassar for rørslehemma (sak RS 18/11) 

 

Orienteringar

  • Hildegunn Utgård orienterer om velferdsteknologi. 
  • Det vert orientering om TV- og internettilbodet i omsorgsbustadar. 
  • Det vert orientering om mat og medisinering i offentleg sektor. 

 

Møtedokument og kontaktinformasjon

Her finn du saksdokumenta til møtet

Her finn du kontaktinformasjonen til medlemmene i fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne