Oppmodar folk om å vaksinere seg

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde Svein Arne Orvik - Vi reknar med at det vert ein hard influensasesong, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde. Ho oppmodar om at folk vaksinerer seg både mot korona og influensa.

- Vi ser at i haust har vi svært mykje infeksjonssjukdomar i samfunnet etter at landet opna opp. Vi reknar også med at det vert ein hard influensasesong. Dette fordi vi i fjor nærast ikkje hadde nokon influensatilfelle - og difor er immuniteten låg. Vi veit at å få korona og influensaspreiing samstundes vil vere hardt både for den som vert råka og for helsetenesta vår. Vi ønskjer difor at flest mogleg vaksinerer seg både mot korona og influensa, seier Kirkebø Elde.

Neste dato for dei som ønskjer vaksinering via helsestasjonen er 17. november frå klokka 13. Det er ope for alle som ønskjer å ta vaksine denne dagen, og kommunen ber om at dei som vil bestille time gjer dette via www.c19.no. eller sender SMS til 477 54 774. Det er mogleg å bestille time på vegner av andre.

Influensavaksinen er gratis til alle over 65 år og andre definerte risikogrupper. Andre betalar 200 kr.

Helsestasjonen har rikeleg med vaksinar og tilbyr dette til dei som bur i Ulstein, er på besøk, eller jobbar her.

Dei som ikkje har høve til å møte 17. november, kan ta kontakt med legesenteret og verte vaksinerte der.