Oppfriskingsdose til alle frå 65 år, og risikopasientar 18-64 år

Oppfriskingsdose til alle frå 65 år, og risikopasientar 18-64 år

pixabay Alle som er over 65 år og personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg forløp av covid-19, vil no få tilbod om ein fjerde vaksinedose mot korona.

Oppstart av vaksinasjon frå aldersgruppa 65 år

Ifølge Folkehelseinstituttet er det no anbefalt at alle frå 65 år tar ei ny oppfriskingsvaksine mot covid-19. Det blir i desse dagar sendt ut SMS frå C19, der den enkelte kan følge ei lenke og bestille seg time. Via C19 kan ein også bestille time på vegner av ikkje-digitale innbyggarar, som til dømes dei som ikkje har bank ID eller tilgang til internett.

 

Ikkje fått SMS om oppfriskingsvaksine?

Personar i aldersgruppa 65 år og eldre som IKKJE har fått SMS, kan kontakte Ulstein helsestasjon på tlf. 477 54 774. 

 

Vaksinering av personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko 

Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg forløp av covid-19 er også anbefalt å ta ei ny oppfriskingsdose. Merk at desse får ikkje automatisk tilsendt SMS, men må sjølve ta kontakt for å få vaksine, i samråd med lege.

Ulstein legesenter:      70 01 89 89 (måndag-fredag kl. 8-15)
Ulstein helsestasjon:   477 54 774 

 

Førebels planlagde vaksinasjonsdatoar på helsestasjonen

  • onsdag 31. august (fullbooka, men har venteliste)
  • onsdag 7. september
  • onsdag 21. september


Helsestasjonen har adresse Reiten 20, 6065 Ulsteinvik.

 

Kontakt oss

Ved spørsmål eller behov for hjelp, send SMS til 477 54 774.