Ønsker du oppfriskingsdose?

Ønsker du oppfriskingsdose?

pixabay

No får alle mellom 18–64 år tilbod om ein fjerde koronavaksine.

Regjeringa har bestemt at alle mellom 18–64 år, også dei utan underliggande sjukdom, kan få tilbod om å ta ein fjerde koronavaksine (oppfriskingsdose). I motsetning til tidlegare då det var ei sterk anbefaling at alle tok vaksine, er det no formulert som eit tilbod til dei som sjølv ønsker det.

Les meir om dette på FHI sine nettsider: Oppfriskingsdose haust 2022

I praksis vil dette seie at alle i aldersgruppa 18-64 år vil få ein SMS frå C19, der den enkelte kan følge ei lenke for å få tildelt time, eventuelt følge lenka for å takke nei til ein ny vaksinedose.

Ved spørsmål, ta kontakt med Ulstein helsestasjon per SMS eller ved å ringe: 477 54 774

Datoar for vaksinasjon:

  • 7. desember
  • 8. desember 
  • 12. januar

MERK: Det vil frå nyttår av vere vaksinering torsdagar. Kva for datoar vert oppdatert etter kvart.