Om brøyting og tette slukar

Om brøyting og tette slukar

Ei lita melding frå teknisk etat før helgeroa seinkar seg – om tette slukar og brøyting som tek litt lenger tid enn vanleg.

Tung, våt snø i vegbana. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

– Vi vil oppmode innbyggarar med kjennskap til slukar som ligg nedsnødd, om å spade dei fram for å redusere vasskadar. Alternativt ta kontakt med teknisk vakt på 47 60 10 00, seier leiar for anleggs- og driftsavdelinga, Jørgen Hageselle.

Brøyting

Kommunen har fått ein del tilbakemeldingar på mangelfull brøyting.

– Vi skjønar frustrasjonen dykkar! Alt tilgjengeleg mannskap er i sving for å få vekk mest mogleg. Denne snøen er komprimert, vasshaldig og svært tung, noko som gjer at det tek lenger tid enn kva vi er vant med, seier Hageselle.

Han takkar alle for tolmodet, og ønsker god helg!

Meir om brøyting finn du her.