Offentleg ettersyn: Val av meddommarar, skjønsmedlemer og møtefullmektige

Offentleg ettersyn: Val av meddommarar, skjønsmedlemer og møtefullmektige

Valutvalet i Ulstein legg med dette fram eit forslag på meddommarar, skjønsmedlemer og møtefullmektige for perioden 2025-2028, til offentleg ettersyn. Frist for innspel er fredag 14. juni.

Kva er ein meddommar?

Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne fagdommarar.  I straffesaker tel meddommarane sine røyster like mykje som fagdommarane sine røyster. Eit viktig rettsprinsipp i det norske rettssystemet er at ein skal dømmast av sine likemenn, så det er eit mål at meddommarutvala skal spegle befolkninga i kommunen. 

 

Rekrutteringsprosessen

Å vere meddommar i domstolane er ei viktig samfunnsteneste, og arbeidet med å rekruttere meddommarar i Ulstein er det valutvalet som har stått for.  

Ulstein kommune publiserte i mars-24 ein artikkel på kommunen si heimeside, der ein oppmoda innbyggarar om å melde si interesse som meddommar. Etter svarfristen 1. april hadde det kome inn 18 tilbakemeldingar via skjemaet det var lenka til. Valutvalet hadde møte 3. april. Medlemmane fekk då tilgang til namna på dei innbyggarane som hadde meldt si interesse, og kontakta i tillegg personar som er meddommarar per i dag - med spørsmål om dei kunne tenke seg å fortsette ein periode til.  Valutvalet har også kontakta innbyggarar som ikkje har erfaring i meddommarutval frå før, så forslaget dei legg fram er basert på både heilt nye personar og personar med erfaring. 


Kjønnsbalansen skal varetakast ved at det skal veljast like mange menn som kvinner;

  • til tingretten skal kommunen velje 15 kvinner og 15 menn
  • til lagmannsretten skal kommunen velje 6 kvinner og 6 menn
  • til jordskifteretten skal kommunen velje 4 kvinner og 4 menn

 

I tillegg skal kommunestyret foreslå 7 skjønsmedlemer som fylkestinget skal oppnemne etter forslag frå kommunen, og 3 møtefullmektige til Hareid og Ulstein Forliksråd. 

 

Vandelsvurdering

For at samfunnet skal ha tillit til domstolane, er det viktig at kommunane sørger for at det vert gjennomført ei vandelsvurdering av meddommarar. Dette handlar om rettssikkerheit og moglegheit til å kunne gjennomføre ei verdig rettsforhandling. For alle meddommarar som inngår i eit utval er det krav til at det ved rapportering er gjennomført strafferettsleg vandel, jf. domstollova § 72. Vandelsvurdering av meddommarar vert gjort sentralt av politiet, og i Ulstein mottok vi rapporten med vandelsjekk 24. mai. Alle meddommarane, som valutvalet i Ulstein tilrår, er funne godkjent, og kontrollen etter domstollova § 72 vart gjort med ei vandelsvurdering etter reglane i politiregisterlova § 45

 

Valutvalet si tilråding til offentleg ettersyn

Utvala av meddommarar og valutvalets forslag til tilråding skal etter domstollova § 68 første ledd, leggast ut til offentleg ettersyn i minimum 2 veker.  

Valutvalet har førebudd saka som kommunestyret skal vedta i møte torsdag 27. juni 2024. Dei har peika ut dei kandidatane som dei meiner er best skikka til dei ulike meddommarutvala, samstundes som dei har prøvd å få til meddommarutval som speglar befolkninga i kommunen. 

Offentleg ettersyn: Liste over meddommarar til meddommarutval 2025-2028 (PDF, 232 kB).


Dersom du har innspel eller merknadar til valutvalet si tilråding, kan du melde det inn på følgande måte:

 

Merk innspelet ditt med sak 24/82.

Svarfrist er fredag 14. juni 2024

Kontakt

Kari Marie Øvrebøe
sekretær
E-post
Mobil 90 05 07 57