Eventuelle innspel skal sendast til postmottak@ulstein.kommune.no eller Ulstein kommune, postboks 143, 6067 ULSTEINVIK og merkast «arkivsak 20/1725».
Namneframlegga vert handsama på nytt namnenemnda etter at merknadsfristen er utgått. Då vil nemnda gje sitt endelege råd til teknisk utval som er kommunen sitt namnemynde.
1. (Kart over) Adresseparsellar i Løset hyttefelt:
Adresseparsell 1: Bukketrappvegen.
Adresseparsett 2: Løsetvegen.
2. Namn på felt – fritidsbustader m.m. på Garnes:
Området får namnet: Grøtneset.Grøtneset.
3. Namn på fjellformasjon – Grøthornet eller Flåna?
Sidan Flåna er mest brukt i daglegtalen for dei fleste i kommunen og Grøthornet er å finne minst to andre stader på Hareidlandet, meiner namnenemnda at dette fjellpartiet skal heite Flåna.
4. Namn på vegkryss
Namnenemnda rår til at krysset der Glopen tek av frå Strandvegen vert kalla Glopenkrysset.
5. Naustområde på Nedre Saunes
Plankonsulenten starta med arbeidstittelen Klobbneset, namnenemnda sende over forslag om Klobben. Dette var ikkje språkrådet heilt samd i, så vi vart tilrådd å kalle området Klubben. Namnenemnda ser at Klubbe-namn i ulike samansetjingar (Ikkje minst Klubbegarden og Klubbeneset) finst mange stader i kommunen. For å unngå mistyding i ein beredskapssituasjon har difor namnenemnda tilrådd eit heilt nytt namn, og sender det på høyring. Namnet som vert tilrådd er Saunesfjøra.Naustområde og vegkryss.
6. Nytt feltnamn – Sundgotmarka III
Vedtak frå namnenemnda: Området som er under regulering til bustader med arbeidstittelen Sundgotmarka III, vert vurdert som ei naturleg utviding av bustadfeltet Joelva. Namnenemnda tilrår at utvidinga frå same namnet som feltet elles.Sundgotmarka III.
7. Vegnamn på Skeide
Namnenemnda legg følgjande vegnamn ut på høyring:
Adresseparsell 1: Jarbryggevegen
Adresseparsell 2: Myravegen
Adresseparsell 3: Skeidsvegen
Adresseparsell 4: Skeidsbakken
Vegnamn på Skeide.